Fekk du med deg dei ti mest leste sakene våre i 2016?

Fekk du med deg dei ti mest leste sakene våre i 2016?

Aldri før har så mange lese Porten.no som no. Men kva saker gjekk best hjå lesarane våre?

Porten.no kan sjå tilbake på eit strålande år på lesartalfronten. Sakte, men sikkert har tal lesarar auka frå starten av året og fram mot slutten der det vart sett fleire rekordar.

Men kva saker klikka best? Under finn du ei oversikt over dei mest leste sakene våre i 2016. 

10. Elvis er sårt sakna

I slutten av juni skreiv Porten.no om Elvis, ein hund som forsvann i Fardalen i Årdal. Saka fekk mykje merksemd, der mange var interesserte i korleis det gjekk med leitinga og bidrog med å spreie etterlysinga av hunden.

9. Kven trur me eigentleg at me er?

Ei sak som verkeleg skapte debatt var Hydropark-saka i Årdal. Skulle Handelsbygg få setje opp eit forretningsbygg i parken eller ikkje? Og kva med politiske avtalar gjort i valet året før? Var det eit friområde eller ikkje? Mange spørsmål som redaktør Truls Grane Sylvarnes tok opp i denne kommentaren.

8. Marcus og Martinus laga elektrisk stemning

Ei av dei verkeleg store hendingane i 2016 var definitivt då popidola Marcus og Martinus besøkte Meiriparken og Målrock. 3500 hylande fans var samla i parken for å få med seg dei to sjarmørane. Konserten vart fanga på rull, og bileta kan ein sjå i denne saka. 

Porten.no testa dei to i årdalsuttrykk også. Den videoen har over 28 000 fått med seg.

7. Har gjort butikk av gutedraumen

Johannes Einemo sin store lidenskap har alltid vore bilar. Etter tre vintrar med lite arbeid i offshorebransjen starta han opp lakkeringsverkstad. Den går så det grin. Og det gjorde også saka Porten.no skreiv om han.

6. – Eg har aldri sett slik natur før

Dei to hjarteknusarane Marcus og Martinus var verkeleg populært lesestoff. Då dei besøkte Årdal i august, var det første gongen dei var i Sogn. Dei var spesielt imponert over den flotte naturen. 

5. Turistbuss står fast i Fardalen

I utgangspunktet ei heilt vanleg sak, skulle ein tru. Det hender jo det at store køyretøy set seg fast på trange vestlandsvegar, men det er kanskje ekstra spesielt på Tindevegen og Fardalen, der ein vert åtvara opptil fleire gonger om kor stor plass det faktisk er på vegen. Sjåføren såg ikkje åtvaringane, sa han, og enda opp bom fast i sin sving.

4. Byggjer eit av Europas første «tiny house» i Lærdal

Den amerikanske småhusrørsla har spreidd seg til Noreg, kunne Porten.no melde i april. Månaden etter flytta Inger Stokke frå Lærdal inn i det 45 kvadratmeter store huset på Lærdalsøyri. 

3. Måtte stoppe i handfull omnar etter nytt straumutfall

Årdal Metallverk var gjennom ikkje berre eitt, men to straumutfall i 2016. Dette andre straumutfallet skjedde i juni og var like dramatisk som det første. 

2. Heilt svart i Øvre Årdal

Om det andre utfallet vart godt lest, vart iallfall det første ein klikkvinnar. Det var ein heilt spesiell situasjon då straumen plutseleg fall ut i slutten av januar. Etter kvart kom det fram at også på Hydro var straumen vekke, noko som i verste fall kan få enorme konsekvensar. Arbeidarar stilte opp sjølv om dei hadde fri og la ned ein enorm innsats for å hindre det som kunne blitt ein katastrofe for både metallverket og lokalsamfunnet. Porten.no oppdaterte heile ettermiddagen og kvelden, og folk fulgte tydelegvis godt med.

1. Brøytebilen deira er den einaste i sitt slag her til lands

Olav O. Hæreid

Av og til dukkar saker opp litt på slump. Dette var ei slik sak. Porten.no fann ut at den nye brøytebilen til Olav O. Hæreid var svært spesiell. Brøytebilen var faktisk så spesiell, skulle det vise seg, at ho vart den mest leste saka til Porten.no i 2016. Nesten 9000 fekk med seg denne saka. 

Til toppen