VEKA SOM GJEKK: Har du fått med deg desse sakene?
VEKA SOM GJEKK: Har du fått med deg desse sakene? (Foto: Arkiv)

VIDEO

Fekk du med deg desse sakene?

Sjå dei mest leste sakene frå veka som har gått.

Indre Sogn: Det er mykje som har skjedd i regionen siste veka, og for at du skal vera sikker på at du har fått med deg alt, har me har samla saman dei mest leste sakene. Slik at du kan vera heilt sikker på at du er oppdatert på kva som har skjedd.

Marie-Helene Hollevik Brandsdal
KANDIDAT: Årdal Arbeidarparti ynskje Marie-Helene Hollevik Brandsdal på Stortinget. Foto: Sunniva Knutsen / Arkiv

Årdal Arbeidarparti ynskjer Brandsdal på Stortinget

Måndag kveld blei det kjend at Årdal Arbeidarparti spelar inn Marie-Helene Hollevik Brandsdal til stortingsvalet.

– Eg er audmjuk, så glad og stolt over tilliten dei viser meg, skreiv Brandsdal sjølv i ei oppdatering på Facebook. 

Næringsministaren vitja Årdal

Tysdag vitja næringsministeren, Iselin Nybø (V), metallverket til Hydro i Årdal. Der tok dei opp endringane Statnett har gjort i nettariffen for transmisjonsnettet. 

Statnett har vedteke å auke nettariffen for kraftforeldande industri. Endringane i den nye modellen vil gje dei norske metallverka årlege ekstra kostnader på 250 millioner kroner frå 2022, samanlikna med modellen som låg til grunn i åra 2015-2018.

– Det er krevjande. Det er store påslag på kostnadene våre, så det er ei utfordring. Difor har me utfordra både Statnett og det politiske miljøet på om dette er rett for norsk industri, seier konsernsjef i Hydro, Hilde Merete Aasheim. 

Stor reduksjon i folketalet hittil i år

FOLKETAL: Luster er ein av to kommunar med auke i folketalet i løpet av dei seks første månadane i år. Foto: Arkiv

Tal frå SSB syner at i løpet av årets seks første månadar har folketalet i Indre Sogn ein reduksjon på seksti personar. Sidan første kvartal er reduksjonen heile 78 personar. Trass negativ utvikling i regionen har Lærdal og Luster positiv utvikling i folketalet.

– Sjølv om det er små tal, så er det veldig gledeleg å vera i pluss, seier Ivar Kvalen, ordførar i Luster.

KRITISK: Det er fleire kvinnelige prestar i Sogn prosti. Likevel vurderer Mikael Bruun å slutte som prest om han må samarbeide med kvinnelige kollegaer. Foto: Bjørn Sølsnæs/Sogn Avis

Vil vurdera å slutta som prest om han må jobba med kvinner

Mikael Bruun, sokneprest i Sogndal, var gjest i Dagsnytt 18 denne veka. Der gjentok han at han ikkje vil samarbeida med kvinnelege prestar. 

– Prestetenesta er øyremerkt menn. Når me les Guds ord, så tenker me at guds ord er evig, uforanderleg, står fast og kan ikkje endrast, seier Mikael Bruun til NRK.

KYRKJA: Prost, Geir Paulsen, er personleg konservativ på same linje som Mikael Bruun. Foto: Wikipedia/Kyrkja Luster

Personleg deler prosten mange av Bruun sine synspunkt

Bruun har fått mange tilbakemeldingar i kommentarfelt på Facebook. Dei handlar om at han er gammaldags og konservativ. Det seier Prosten i Sogn at han sjølv også er.

– Eg er nok også ein konservativ teolog, og personleg deler eg mange av hans synspunkt. Så kjem det an på korleis ein praktiserer dette, seier Geir Paulsen til Porten.no.

Marie (31) har kjempa mot vekta i over 10 år - endeleg går det rett veg

Laurdag fekk du lese historia om Marie Madocs Øren som har kjempa i over 10 år mot vekta. Vegen har ikkje vore berre enkel, men i dag står Marie rak i ryggen med 63 kilo mindre på kroppen.

GLAD: Marie trivst både i naturen og med trening no. Foto: Privat

– Mamma hinta til at eg kanskje skulle vega meg ein dag, og då eg gjekk på vekta og såg talet så tenkte eg berre «fyflate. 149 kilo. Det er mykje det», seier Marie. 

Etter det byrja ho å gå litt turar, og gjekk etter ei stund ned ti kilo. Likevel fekk ho erfare at det ikkje var så enkelt å halde vekta, og vekta svinga både opp og ned i fleire år etter dette. 

KLATRAR: Det var i området med Huldafossen og Frevikbreen mannen skulle klatre. Foto: Karen Blumberg / Creative Commons

Ein klatrar knakk foten og overnatta på stein

Ein klatrar knakk foten på veg ned frå Tundalen, og bestemte seg for å overnatta på ein stein.

– Når det lysna begynte han å gå nedover att. Han kom fram til vegen sjølv, og fann politiet. Han fortalte at han har gått vel seks kilometer. Han var ganske utslitt, men i elles god form, seier Algrøy. 

Seks tilbod om oppgradering av Seimsdalstunnelen

Vestland fylkeskommune hadde seks tilbod på bordet ved anbodsopninga 26. august for utbetring av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune, der firmaet Bertelsen & Garpestad AS hadde det lågaste tilbodet.

ANBOD: Det har kome inn seks anbod for å rusta opp Seimsdalstunnelen. Foto: Vestland fylkeskommune/Arkiv

– Interessa for fylkesvegprosjektet var stor, me er nøgde med konkurransen og tilboda og gler oss til komme i gang med arbeidet, seier prosjektleiar i fylkeskommunen Jørn Fosen Simonsen. 

Til toppen