VEKA SOM GJEKK: Har du fått med deg desse sakene?
VEKA SOM GJEKK: Har du fått med deg desse sakene? (Illustrasjon: Arkiv)

Fekk du med deg desse sakene?

Sjå dei mest leste sakene frå veka som har gått.

Sogn: Det er mykje som har skjedd i både Indre og Ytre Sogn siste veka. For at du skal vera heilt sikker på at du har fått med deg alt, har me har samla saman dei mest leste sakene i denne artikkelen. Slik at du kan vera heilt sikker på at du er oppdatert på kva som har skjedd.

Elg på villspor ved Sognefjorden

Måndag kunne du lesa om brødrene Thomas og Andreas Dyrrdal som dagen før hadde vore på rypejakt i fjellet over Ortnevik. På utsiktpunktet Middagshaugen fekk dei seg ei overrasking av dei sjeldne, i alle fall i Ytre Sogn. Skogens konge var på skogsbesøk.

– Vi hadde sett 10-15 hjort på turen. Så då eg såg den i sidesynet tenkte eg det var endå ein hjort. Men det var noko som ikkje stemde, sa Thomas til Porten.no. 

– Den var mykje høgare og kraftigare enn hjorten. Den bevegde seg på ein heilt anna måte, meir majestetisk. Eg kobla ikkje at det var ein elg med ein gong. Vi hadde jo ikkje forventa å sjå elg.

LES SAKA HER.

LEIKE ELG: Etter observasjonen ville brødrene Andreas (til venstre) og Thomas Dyrrdal leike elg når dei sendte bilde til avisa. Foto: Privat 

Køyrde utan lappen. Vegvesenet trur han handla i god tru.

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll i området rundt Sogndal. Der blei mellom anna ein middelaldrande mann på moped stoppa i kontrollen. Då viste det seg at han ikkje hadde lappen. 

– Han hadde ikkje lappen på noko som helst. Det er krav om at ein skal ha førarkort på moped. Føraren har hatt lappen, men mista den for lang tid tilbake, sa Jan Ove Bjørgum i Statens vegvesen. 

LES SAKA HER.

KONTROLL: Statens vegvesen gjennomførte kontroll i Lærdal og Aurland. Illustrasjon: Arkiv

Forfattardebutt med bok der delar av handlinga er lagt til Sogn

 I den psykologiske krimromanen er delar av handlinga lagt til Nordgulen. Boka har mellom anna fått terningkast fem av Ringerike Blad.

– Det er veldig kjekt å få så gode tilbakemeldingar, for eg har vore skikkeleg spent på mottakinga, sa forfattar Ellen Gustavsen Simensen.

Ho seier ho får meldingar frå lesarar kvar dag som likar boka, og at bloggarar anbefaler boka på nett.

– Det gir meirsmak.

LES SAKA HER.

FORFATTAR: Ellen Gustavsen Simensen er aktuell med ny bok, der delar av handlinga går føre seg i Gulen. Foto: Silje Karlsrud Nyhus

Krigsskip vitja Flåm

Natt til onsdag segla logistikkfartøyet KNM Maud inn Sognefjorden. Med sine 183 meter er det klart det største militære fartøyet det norske forsvaret har hatt.

Skipet har slite med tekniske problem sidan det kom til landet i 2019, men nærmar seg operativ stand. No handlar det om å trena opp mannskapet.

– Føremålet med seilasen er å trena på navigasjon i relevant farvatn, og dette gir verdifull kjennskap til denne delen av vestlandskysten, skreiv forsvaret i ei pressemelding onsdag.

LES SAKA HER.

UVANLEG SYN: Vanlegvis er det turistbåtar som legg til kai i Flåm. Denne onsdagen kom ein ny kjenning til bygda. Foto:  Arne Veum

Positive til å vurdera parkeringsavgift i Årdal

Dei siste vekene har diskusjonen kring parkeringsutfordringane i Årdal blussa opp att. Spesielt i Øvre er Visit Årdal frustrert over situasjonen. Ein som kjenner utfordringane godt, er næringssjef Terje Laberg. 

– All erfaring seier at folk ikkje bryr seg om skilting. Det er ikkje godt nok med berre skilt. Parkeringsproblematikken løyser seg ikkje utan betaling. Skilt og oppmodignar er vel og bra, men folk bryr seg ikkje. 

– Skal me i Årdal vera attraktive, må me ha eit spennande torg. Problemet er at midlertidige parkeringsplassar blir permanente, til dømes parkeringane utanfor Tya Bakeri. I planen frå 2011 vart det laga eit flott område der. Skal me gjera oss attraktive for turistane, må me gi folk moglegheita til å sjå at torget er ideelt for myldring, sa Hilmar Høl, ordførar i Årdal.

LES SAKA HER.

OPNE: Både næringssjef Terje Laberg og ordførar Hilmar Høl er positive til å sjå på alternativet for parkeringsavgift. Foto: Arkiv

Turnuslege ropar varsku: – Slik skal det ikkje vera

Bakgrunnen er legemangelen i kommunen. På det verste opplevde den nyutdanna legen at han gjekk åleine på kontoret.

– Slik skal det ikkje vera, og eg opplevde det som svært uheldig då eg mangla ein erfaren lege til å konsultera og rådføra meg med, slik lova seier at ein turnuslege skal ha, seier Hauståker til lokalavisa Aurlendingen.

Hauståker jobbar no på Haukeland sjukehus i Bergen, men har varsla fylkeslegen i Vestland om opplevinga i Aurland. Mellom anna stiller Hauståker spørsmål ved om kommunen yter helsetenstene dei er pålagde etter norsk lov.

LES SAKA HER.

UROA: Lege Henrik Hauståker sit att med blanda kjensler etter halvåret som turnuslege i Aurland. Foto: Arkiv

Raske bilar og svidd gummi på Kaupanger i helga

For niande år på rad blir Kaupanger Driftweekend arrangert av Sogn Motorsportklubb, men litt annleis enn vanleg.

– Me har valt å ikkje ha publikum i år. Det er jo ganske nytt for oss, og det er på grunn av situasjonen at me gjorde det slik. Rett og slett for at me skal klara å halde kontroll på mengden og ha full oversikt, seier Maria Djønne Pedersen, leiar for Kaupanger Driftweekend.

Trass at det i år ikkje var publikum kan Pedersen melda om god stemning på Kaupangerskogen.

LES SAKA HER.

DRIFTWEEKEND: Nico J Åland har reist heilt frå Finnsnes for å vera med på Kaupanger Driftweekend. Foto: Sogn Motorsportklubb
Til toppen