TIDLEG: Lamma kom allereie før påskeferien var i gang på garden Nybø i Lærdal. Foto: Gro Agnethe Nybø.
TIDLEG: Lamma kom allereie før påskeferien var i gang på garden Nybø i Lærdal. Foto: Gro Agnethe Nybø.

Fekk ei hyggeleg påskeoverrasking

Lamma kom ekstra tidleg i år på garden Nybø i Lærdal. 

Lærdal: Allereie 19. mars kom dei fyrste lamma til verda på garden til Gro Agnethe Nybø på Ljøsne. 

– Dei tidlege lamma er eit resultat av at ein værlam hoppa over gjerdet ein sein haustkveld i oktober i fjor. Så det var ikkje eigentleg planlagt noko lembing no, seier Nybø. 

Artikkelen held fram under biletet.

– Fint med påskelam

Vanlegvis startar ikkje lembinga før i april. På garden Nybø er det venta at 90 sauer skal ha lam frå og med 16. april. 

– Det er berre 3 søyer som har fått lam no. Men det var fint med påskelam, seier Nybø.

Til toppen