Lærdal: Søndag var Aspevik på tur til Løberghaugen i Lærdal. Som du ser i graset på biletet fekk ho med seg nokre solstrålar på årets siste dag, medan resten av Lærdalsøyri låg i skuggar.
– Det er ynda turmål for dei som bur på Øyri, seier ho.
For å komma dit følgjer du stølsvegen opp Oftedalen, same vegen du går når du skal til Torsteinen. Løberghaugen er eit utkikkspunkt på vegen, og turlaget har ein bakketrimpostkasse der.
– Det er ein fin plass å gå til. No er det i tillegg lett å gå ute, turt og nesten ikkje is, seier Aspevik.
Turen tek halvannan time opp og ned, utan for mykje stopp. Men det kan det fort bli, spesielt om du er av den sosiale typen.
– Det er sjeldan du går der utan at du treffer nokon andre, seier ho.
- Les òg: Vintereventyrland i nysnøen