DELEGASJON: Blant dei som talte rv. 52 si sak under møtet på Gol var: fylkesordførar Jenny Følling (f.v.), Arnfinn Førsund, dagleg leiar i Hordalandsdiagnalen AS, varaordførar i Sognal, Laura Kvamme, gruppeleiar for Sogndal Høgre, Karin Vikane og dagleg leiar i Slinde Transport, Magne Ahlin. Privat foto
DELEGASJON: Blant dei som talte rv. 52 si sak under møtet på Gol var: fylkesordførar Jenny Følling (f.v.), Arnfinn Førsund, dagleg leiar i Hordalandsdiagnalen AS, varaordførar i Sognal, Laura Kvamme, gruppeleiar for Sogndal Høgre, Karin Vikane og dagleg leiar i Slinde Transport, Magne Ahlin. Privat foto

– Fekk eit positivt inntrykk av samferdsleministeren i vegsaka

Delegasjonen med sogningar som var til stades under møtet med Ketil Solvik-Olsen om valet av hovudveg aust-vest fekk inntrykk av at minsteren var positivt innstilt vil rv. 52

Sogn: – Eg byrja å sensa at Solvik-Olsen var positivt innstilt til riksveg 52 då han synte kartet med alternativa. Då nemnde han at Hemsedalsfjellet har fleire moglegheiter enn Hardangervidda. På den andre sida meinte han turistar heller ville køyra riksveg 7 enn 52, men så spurde han; vil då turisten ha trailarar både framføre og bak seg? Vidare at det var noko som burde utgreiast meir.

Det seier Karin Vikane, gruppeleiar i Sogndal Høgre. Vidare hadde samferdsleministeren understreka at å leggja best mogleg til rette for mest mogleg tungtransport var svært viktig når Stortinget skal velja mellom dei to vegane.

Splitta i Hallingdal

Til stades på møtet med ministeren på Gol måndag var forkjemparar for begge dei to vegalternativa. Frå Sogn og Fjordane møtte fylkesordførar Jenny Følling (Sp), lærdalsordførar Jan Geir Solheim (Sp), varaordførar i Sogndal, Laura Kvamme (Sp),  leiar i Slinde Transport, Magne Ahlin og altså Karin Vikane

Også Arnfinn Førsund, dagleg leiar i Hordalandsdiagonalen AS, var til stades på «riksveg 52-benken».

– Dei stilte mann- og kvinnesterke austafjells frå. Særskild var det sterk representasjon frå turistnæringa på Geilo. Eg snakka ein del med ordføraren i Hemsedal, og han nemnde det var ei krevjande sak i høve regionsamarbeidet dei har kommunane mellom.

For dei vestre kommunane i Hallingdal er delte; særskild Hol, herunder Geilo, men også Ål er svært pro rv. 7. Hemsedal vil ha rv. 52. Gol er ganske nøytrale ettersom kommunen vil få trafikk uansett.

– Vil ikkje utsetja valet meir

I framkant av møtet herska det noko forvirring rundt kor vidt samferdsleministeren og Stortinget vil ta ei avgjersle i vegvalet, eller om det skal ei tredje utgreiing til – her har det allereie vore to rundar der Vegvesenet har anbefalt Hemsedalsfjellet begge gonger.

Les også: – Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette

Bakgrunnen for dette var at Solvik-Olsen ikkje ville avkrefta overfor NRK at det kunne bli ein ny runde. Langt på veg tilbakeviste Solvik-Olsen at det vil bli fleire utsetjingar under møtet:

– Han sa Stortinget mest truleg vil handsama dette inn mot Nasjonal Transportplan, men han kunne ikkje lova noko hundre prosent. At nye utgreiingar ikkje var hans intensjon, var han likevel klar på. Og ein ting var begge fløyane einige om; at ein ynskjer avklaring no, seier Vikane.

Nasjonal Transportplan blir truleg handsama første halvdel av 2017.

Artikkelen held fram under biletet

AVKLARING: Langt på veg lova samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen at det vil koma ei avklaring i vegvalet inn mot Nasjonal Transportplan 2017. Privat foto
AVKLARING: Langt på veg lova samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen at det vil koma ei avklaring i vegvalet inn mot Nasjonal Transportplan 2017. Privat foto

Høgre kan bli jokeren

Det er også klart at anten rv. 7 eller rv. 52 vil bli den nordlege traseen – den såkalla «Hordalandsdiagonalen», som koplar Bergen på den sørlege traseen, E134, via Odda er noko som eventuelt kan koma i tillegg til rv. 52.

Les også: – Nok en skivebom fra Hopen

Vikane fortel også at fylkesordførar Jenny Følling heldt eit godt innlegg, sjølv om ho fekk lite tid.

– Det var eit stramt møte på ein time der forkjemparane for dei to alternativa berre fekk eitt minutt kvar. Men Følling utnytta minuttet godt.

– De reiste heim til Sogn med ei god kjensle?

– I høve samferdselsministeren fekk eg eit positivt inntrykk. Samstundes veit eg at mitt eige parti er litt jokeren. Høgre er partiet som sentralt har flagga minst korleis ein stiller seg i saka. 

Les også: Sogndal Høgre bad statsministeren vera riksveg 52-vennleg

Til toppen