Fekk førelegg for ikkje å sikre unge i bil
(Foto: Illustrasjon)

Fekk førelegg for ikkje å sikre unge i bil

Politiet med kontroll i Aurland.

Aurland: Politiet gjennomførte ein trafikkontroll i Aurland onsdag ettermiddag, der det var fleire som hadde noko å rette på.

Av 46 kontrollerte vart det mellom anna skrive ut to forenkla førelegg fordi barn i bilen ikkje var sikra. 

Det var også to som fekk førelegg for mobilbruk. To fekk gebyr for manglande belte, medan éin fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkortet.

Til toppen