Sogndal: Ved å slite seg gjennom 430 kilometer på sykkel i Jotunheimen Rundt greidde Vegards krefttråkk i sommar å samle inn over 200.000 kroner til kreftsaka.
For innsatsen fekk dei frivilligprisen til Sogndal kommune, som vart delt ut laurdag under arrangementet Sognahelg.
– Det var kjempekjekt og noko eg absolutt ikkje hadde rekna med. Det viser at folk set pris på det me gjer, seier Vegard Skjeldestad.
Pengane skal brukast til å arrangere ei aktivitetshelg for kreftråka born i Sogndal i slutten av oktober.
– Det gler eg meg til, det blir utruleg kjekt. Eg håper at me kan få visa Sogn frå ei fantastisk side, seier Skjeldestad.
Han var tolv år då han i 1994 sjølv fekk blodkreft. Enno hugsar han kor mykje det betydde å få slike små avbrot i sjukehustilvêret, som gjorde at han for ei stund kunne gløyme sjukdomen.
– Eg håpar og trur at det blir kjempekjekt for dei som er ramma, at dei kan få eit friminutt, få tankane litt vekk frå elendigheita og eit boost til å stå på vidare. Det var no slik eg hadde det sjølv, seier Skjeldestad.