FEM STJERNER: Trion med Erlend Apneseth (i front) på hardingfele, Øyvind Hegg-Lunde på trommer (t.h.) og Stephan Meidell på gitar og elektroniske effektar fekk fem av fem stjerner av BBC for plata "Det andre rommet". Pressefoto: Oddleiv Apneseth
FEM STJERNER: Trion med Erlend Apneseth (i front) på hardingfele, Øyvind Hegg-Lunde på trommer (t.h.) og Stephan Meidell på gitar og elektroniske effektar fekk fem av fem stjerner av BBC for plata "Det andre rommet". Pressefoto: Oddleiv Apneseth

Fekk full pott av BBC

Erlend Apneseth Trio med lærdølen Øyvind Hegg-Lunde på trommer får fantastiske kritikkar av den britiske statskanalen. 

Lærdal: – Det er veldig kjekt. Plata kom i februar og har fått enorme tilbakemeldingar heile vegen. Det får den altså framleis eit halvt år etterpå. Plata har generert veldig mykje spelejobbar for oss og gitt oss eit namn inn mot Europa, seier Hegg-Lunde.

Han kjem frå Borgund i Lærdal, er perkusjonist på heiltid og gjer det svært godt i trien med jølstringen Erlend Apneseth og sørlendingen Stephan Meidell om dagen. "Norwegian icon" er tittelen på meldinga BBC har gjort av plata "Det andre rommet".

Element av mange sjangrar

SKRYT: BBC er svært begeistra for trioen med to av tre frå Sogn og Fjordane. Faksimile 
SKRYT: BBC er svært begeistra for trioen med to av tre frå Sogn og Fjordane. Faksimile 

Plata får fem av fem stjerner av BBC både for den musikalske utføringa og innspelinga, altså lydkvalitetet. Om trioen står følgjande: "Når han (Apneseth, red.anm.) er i selskap med fantastifulle, subtilt atmosferiske perkusjonseffektar av Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidell på elektrisk gitar og med elektroniske effektar, får du høyra inspirerte, improviserte instrument fulle av mystiske lydar.

– Då me gav ut plata "Blikkspor" i 2013 i Erlend sitt namn var det meir fokus på folkemusikken. Så har me forska på uttrykk og lydbilete. Det har ført til fleire element av jazz og samtidsmusikk - også rock og pop. Me prøver å utvikla oss heile vegen, seier Hegg-Lunde.

Sjølv om namnet "Erlend Apneseth Trio" tyder på at mykje spinn rundt jølstringen med hardingfela si, fortel Hegg-Lunde instrumenta er ganske likeverdige i det musikalske uttrykket.

– Tanken er å få alle instrumenta til å høyrast ut som eitt instrument. Det gir eit heilskapeleg lydbilete. Det ligg mykje improvisasjon bak - under konsertane har me låtmateriale i botn, me finn på nye ting i løpet av nokre av låtane. Det blir ei ny oppleving for alle som er på konsertane - nye transaksjonar oppstår inne i låtane så folk blir overraska.

Artikkelen held fram under biletet

IMPROVISASJON: Under konsertane ligg låtmaterialet i botnen, men låtane kan ta overraskande vendingar ettersom dei tre musikarane improviserer ein heil del undervegs.
IMPROVISASJON: Under konsertane ligg låtmaterialet i botnen, men låtane kan ta overraskande vendingar ettersom dei tre musikarane improviserer ein heil del undervegs.

– Platene blir eit visittkort

Hegg-Lunde har vore heiltidsmusikar i snart ti år og har mange ballar i lufta. I tillegg til Erlend Apneseth-Trio er han også med i gruppene "Building Instruments" og "Electric Eye". Når Porten snakkar med borgynden sit han på flyplassen i Amsterdam for transfer til Lausanne i Sveits.

– Eg er involvert i fire-fem prosjekt til ei kvar tid. No skal eg spela med sveitsiske Susanne Abbuehl. Ein må ha mange ballar i lufta samstundes for å kunne leva av dette. Og det er spennande; ein treff mange nye folk og opplever nye plassar og kulturar. Ein kjem inn i eit nettverk der folk anbefalar kvarandre, og plutseleg spelar ein med musikarar frå ulike kantar av verda.

– Er det platene eller konsertane de tener pengar på?

– Før tente musikarar pengar både på platesalg og konsertar, men det har endra seg etter at alle byrja å streama musikk. Men me sel ein god del plater på konsertane. Likevel er livespelinga hovudinntektskjelda medan platene blir meir eit visittkort og ein presentasjon for å få gjera fleire konsertar.

Til toppen