Fekk full støtte frå Sogn regionråd om å halde fylkesveg 53 vinteropen

Fekk full støtte frå Sogn regionråd om å halde fylkesveg 53 vinteropen

Anne Kauppi og Årdal kommune fekk einstemmig støtte frå Sogn regionråd om ikkje å vinterstenge fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal.

Som Porten.no kunne fortelje i midten av april har Årdal kommune via Årdal Utvikling bestilt ein rapport som viser konsekvensane av å vinterstenga fylkesveg 53.

Årsaka for bestillinga av denne rapporten kjem av at fylkeskommunen ser på vinterstenging som eitt av fleire innsparingstiltak fylket må gjera framover. 

Sidan ordførar Arild Ingar Lægreid ikkje kunne stille i møtet med regionrådet, var det Anne Kauppi som fekk denne oppgåva. Det var NRK som først skreiv om denne støtten onsdag. 

LES OGSÅ: Jobbar for å halde Årdal-Tyin vinteropen

– Årdal kommune fekk utarbeidd ein rapport og lagde ein uttale basert på denne rapporten som det er viktig at ein får med seg Sogn regionråd på for å ha litt tungde bak slik at me ikkje er åleina. Og det fekk me einstemmig støtte på frå regionrådet om å oppretthalde Årdal-Tyin slik han er i dag, seier Kauppi til Porten.no.

Lydige i Årdal

Det betyr at tilbodet skal vera akkurat slik det er i dag. Dette er ei vegstrekning som det i grunnen ikkje skal innførast kolonnekøyring på sett vekk i frå under heilt spesielle omstendigheiter mellom anna. Kolonnekøyring var avvikla på midten av 90-talet.

– Eg synest me har vore ganske rause som ikkje har protestert på den nedbygginga på brøyting og heilårsdrift. Før var det brøytevakter, veit du. Der har me vore stille og lydige og støtta Filefjell som ein heilårsveg, understreker ho.

Lite å spare

Årleg kostar det fylkeskommunen i underkant av tre millionar kroner å drifta vegen. Totalt kostar drifta fire millionar kroner, men den siste millionen er det Oppland fylkeskommune som står for sidan delar av vegen ligg innanfor deira grenser.

LES OGSÅ: Dette er konsekvensane av å vinterstenge Årdal-Tyin

– Eg la vekt på at det er veldig lite for fylkeskommunen å spara i den store samanhengen. Vinterstenget du over her, er det katastrofe for mange. Det er jo 600 hytteeigarar her oppe, argumenterer Kauppi.

– Og så har du dette med næringsliv på begge sider, både i Vang og Årdal. Årdal-Tyin har alltid vore ein viktig veg for årdølene. Her har kommunen sjølv kosta på seg ein utgreiingsrapport som viser grundig konsekvensane. 

Planar for området

Vinterstenging vil også skapa problem for bedrifter som har tekniske installasjonar, som dei er avhengige av å nå ved hjelp av vegen vinterstid. I tillegg er det planar for området.

– Det ligg i planane at me har tenkt å utvikla området med breiband for å få folk frå andre plassar ned og sjå kva Årdal har å by på. Me får ofte kritikk for at me ikkje reklamerer godt nok. Eg møtte ei på Tyinkrysset som ikkje visste om Årdalsenteret ein gong. 

– Viss me blir flinkare og får breiband som Årdalsnett driftar, og me er flinke til å leggja ut informasjon på deira informasjonskanal, kan bedrifter vera med å marknadsføra seg sjølve, seier ho. 

Til toppen