FEKK PRIS: Audun Heggestad fekk tysdag pris for sitt arbeid med trafikktrygging.
FEKK PRIS: Audun Heggestad fekk tysdag pris for sitt arbeid med trafikktrygging. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Fekk fylkets trafikktryggleikspris: – Uventa og overraskande

Audun Heggestad har jobba i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane i mange år. Tysdag vart han overraska med Trafikktryggingsprisen 2019 for Sogn og Fjordane.

Loen: Under Fylkestingsmøtet tysdag tok Heggestad imot prisen, som består av ein sjekk på 25.000 kroner, samt blomster og diplom. 

– Å få trafikktryggingsprisen er både uventa og overraskande, og ikkje minst veldig kjekt, seier Heggestad i ei pressemelding. 

TRAFIKKTRYGGLEIK: Noralv Distad, leiar i hovudutval for samferdsle, Audun Heggestad og fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Stor innsats i ei årrekkje

Leiar av fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), Noralv Distad, seier at Heggestad har gjort ein stor innsats gjennom mange år. Gjennom arbeidet sitt i Trygg Trafikk har han vore synleg, tydeleg og aktiv for å fremja arbeidet med trafikktrygging, særleg mot skular og barnehagar. 

– Heggestad har vore aktiv i media både i det generelle trafikktyggingsarbeidet og i meir dagsaktuelle saker som går på trafikktrygging. I sum har dette påverka innbyggjarane i Sogn og Fjordane til å tenke trafikktryggleik på ein positiv måte, heiter det. 

Til toppen