LANDSMØTE: Hilmar Høl stilte opp på landsmøtet som fylkesleiar, landsstyremedlem og stortingskandidat. Pressefoto. 
LANDSMØTE: Hilmar Høl stilte opp på landsmøtet som fylkesleiar, landsstyremedlem og stortingskandidat. Pressefoto.  (Foto: Arbeidarpartiet)

Fekk gjennomslag for utjamning av nettleige​

Sogn og Fjordane Arbeiderparti vann framlegget om ei utjamning av nettleiga i Noreg.​

Landsmøtet i Arbeidarpartiet tok stad denne helga, og Sogn og Fjordane sin delegasjon melder at dei fekk gjennomslag for å få til ei utjamning av nettleiga i Noreg. 

– Dette er viktig for næringsliv og folk i Sogn og Fjordane og i andre fylker, forklarer Hilmar Høl​ i ei pressemelding. ​

Landsmøtet har også vedteke at det skal vere ein likeverdig nettariff for store forbrukarar med høg brukstid, uavhengig av om elektrisitet vert teken ut i frå Regional- eller Sentralnettet.

– Det er viktig for dei store forbrukarane. Blant anna er det ei slik utfordring knytt til Elkem Bremanger som vil bli løyst om dette forslaget vert satt ut i live. Og det er viktig for nettselskapa slik at dei kan utforme dei beste nettløysingane for drift av nettet utan at løysingane skal gje store økonomiske konsekvensar for  sluttbrukarane. 

Vedtaket ser slik ut: 

«Ap vil innføre ein utjamningsordning for nettleige, og sørge for ein likeverdig nettariff for store forbrukarar (industrien) med høg brukstid uavhengig av om elektrisiteten blir henta frå regional- eller sentralnett. Fornybar energi skal være ein betydeleg del av bidraget til eit grønt skifte.»

 

Til toppen