VELLUKKA: Jacob Poller Marsi (f.v.), Ragnhild Friis Tveit og Kristine Mæland på plass på Aurlandsfjellet i påska. Privat foto
VELLUKKA: Jacob Poller Marsi (f.v.), Ragnhild Friis Tveit og Kristine Mæland på plass på Aurlandsfjellet i påska. Privat foto

Fekk god hjelp av skifolket til å registrera fjellryper

Studentane ved Høgskulen på Vestlandet som stilte seg opp på Aurlandsfjellet for å få skigåarar til å registrera ryper er godt nøgde med prosjektet.

Aurland: - Feltarbeidet me gjorde i påska var ein ubetinga suksess. På førehånd var me usikre på kor mange som var interesserte i å delta på registreringa, men me blei positivt overraska over responsen me fekk. Det er tydeleg eit tema som engasjerer ein del fjellfolk, seier Ragnhild Friis Tveit.

Som Porten.no omtalte før påske jobbar ho, Jacob Poller Marsi og Kristine Mæland med ei bacheloroppgåve der dei undersøkjer korleis sokalla crowdsourcing fungerer som metode for å kartleggja bestandar av fjellrype.

Les også: Ønskjer hjelp frå folk i påskefjellet til ryperegistrering

Dei stilte seg opp på Aurlandsfjellet ved inngangen til sjølve påskehelga for å dela ut kart og instruksar om korleis skigåarar som ville bidra skulle gå fram. Nesten halvparten av alle dei tre studentane spurde, vart med, og dei fekk inn observasjonar frå 61 grupper av skigåarar.

- Det skal også seiast at det nok hjelpte på at me hadde vergudane på vår side. Langfredag var det strålande sol, godt skiføre og rekordmange bilar som stod parkerte ved fylkesgrensa på fylkesveg 50. Dette bidrog heilt klart til at me fekk inn så mange rapportar som me gjorde, seier Friis Tveit.

Ser eit stort potensial

Studentane fortel vidare at det likevel er mange feilkjelder å ta omsyn til, slik at dei finn det vanskeleg å trekkja nokon klar konklusjon om tal fjellryper som reelt blei observert.

- Blant anna at det utan tvil skjedde dobbelregistreringar ved at fleire har registrert dei same rypene på ulikt vis. Me ønskjer difor ikkje å vektleggja tal på observasjonar. Målet med prosjektet var først og fremst å testa ut korleis innsamlingsmetodane fungerte og om folk var viljuge til å delta - noko dei altså var.

Artikkelen held fram under biletet

KARTLEGGING: Studentane Ragnhild Friis Tveit og Jacob Poller Marsi ved Høgskulen på Vestlandet fekk hjelp av mange med kartlegginga av ryper i påska.
KARTLEGGING: Studentane Ragnhild Friis Tveit og Jacob Poller Marsi ved Høgskulen på Vestlandet fekk hjelp av mange med kartlegginga av ryper i påska.

- Og korleis tykkjer de innsamlingsmetoden crowdsourcing fungerte til dette føremålet?
 
- Me ser absolutt eit stort potensial i å bruk av crowdsourcing til kartlegging av fjellrype, og at det finst eit slikt potensial stadfesta feltarbeidet. Det største problemet per dags dato er at ein ikkje har nok data om bestanden, og då kan ein vera nøydd til å måtte tenkja utanfor boksen.

Såleis meiner studentane crowdsourcing som metode har ein stor fordel i og med at ein kan bruka friviljug innsats for å samla mer data.

- I Noreg er det heldigvis mange som er glade i å gå i fjellet, noko som gjer at det er ei stor mengd potensiell «arbeidskraft» å ta av. Problemet med å bruka vanlege turgåarar som ikkje har registreringa som hovudføremål er at dei følgjer turløypa og i liten grad spreier seg i terrenget.

Difor meiner studentane at ein vil kunne få betre data ved å ta i bruk ei dedikert gruppe av friviljuge som kan spreia seg ut i terrenget på ein mer systematisk måte. Slik vil ein få dekt eit område betre enn kva ein får ved  å nytta vanlege turgåarar - då helst også med sporing eller tracking av ruta som eit element.

- Ryperegistrering seier noko om tilstanden til fjellet som økosystem

TREDJEMANN: Også Kristine Mæland har vore med på prosjektet. Privat foto
TREDJEMANN: Også Kristine Mæland har vore med på prosjektet. Privat foto

Studentane har no gått gjennom alle rapportane som kom inn og bearbeida dataa for å kunne framstilla dette i tabellar og på kart.

- Fokuset den siste tida har vore å evaluera metoden og måten me har brukt den på, og sjølvsagt skrive alt som må med i ei bacheloroppgåve. For oss endar nok prosjektet her, men me trur og håpar at andre engasjerte studentar vil arbeida vidare med å utvikla metoden til neste år.

- Fjellrype er ein art som er utsett for krympande habitat som følgje av forureining og klimaendringar og som verkar som indikator på tilstanden i fjellet som økosystem. Slikt sett er kartlegging av fjellrypebestanden eit langt mindre snevert emne enn det kan verka som ved første augekast.
 

Til toppen