SKUMMELT: Innarbeidd praksis har vore at skulebussen kryssar vegen når den kjem nedover dalen og plukkar opp borna på den sida av vegen biletet er teke frå. Måndag kryssa ikkje bussen vegen på denne måten, noko som gjorde at borna måtte springa over for å koma på.
SKUMMELT: Innarbeidd praksis har vore at skulebussen kryssar vegen når den kjem nedover dalen og plukkar opp borna på den sida av vegen biletet er teke frå. Måndag kryssa ikkje bussen vegen på denne måten, noko som gjorde at borna måtte springa over for å koma på. (Bilde: Privat)

Fekk hjarta i halsen då ungane måtte springa over den sterkt trafikkerte vegen til skulebussen

– Eg trur eg gaula høgt for meg sjølv då det skjedde.

Lærdal: Det var då skulebussen skulle henta fire born ved Erisbakken første skuledag måndag at hendinga skjedde.

Familien til Maristuen bur på sørsida av riksveg 5 ved Erisbakken. Busstoppane her ligg rett under ein bakketopp på den sterkt trafikkerte vegen.

– Difor har innarbeidd praksis vore at skulebussen kryssar vegen når den kjem nedover og tek på borna på «vår side» av vegen. No er det totalt fire born som skal på her, så det er ganske betydeleg. Og det er snakk om små born, ein andreklassing, to i fjerde klasse og ein elev på ungdomsskulen, forklarar ho.

Men første skuledag stoppa bussen midt i vegen på den sida den kom. Difor måtte borna springa over vegen for å koma på bussen. 

«..i ei 80 sona, på ein bakketopp (...) Det er unødvendig å påpeike at "hadde det kome ein trailer, buss eller bil i 80-100 km/t bak". .... og gjerne samstundes som ferjekøen hadde kome fra vest so..», skriv Maristuen i eit Facebookinnlegg.

– Vart hysterisk og er framleis skjelven

Ho fortel til Porten.no at handinga sit i.

SKJELVEN: Helene Maristuen fekk seg ein støkk då borna skulle med skulebussen første skuledag.
SKJELVEN: Helene Maristuen fekk seg ein støkk då borna skulle med skulebussen første skuledag. Foto: Arkiv

– Eg vart hysterisk og er framleis skjelven. Og eg hadde ei magekjensle i dag tidleg, så eg fulgde spesielt godt med. Eg trur eg gaula høgt for meg sjølv då det skjedde.

Grunnen til at praksisen med at bussen kryssar vegen ikkje vart gjennomført første skuledag, forklarar ho slik:

– Det er nye kostar hjå busselskapa. Tidlegare vart dette lokalt styrt, og når styringa no går over til meir sentralt hald, skjer det fort at  slike viktige beskjedar ikkje kjem fram. Me har ikkje råd til at det skjer noko med borna våre.

Tide: Skal innføra praksisen att omgåande

Maristuen fortel at det skal ha vore ei synfaring i samband med den nye strukturen for skulerutene, og stiller seg difor undrande til at den innarbeidde praksisen ikkje har vorte overført frå dag ein.

Difor tok ho straks etter hendinga kontakt med busselskapet Tide for å sikra seg at bussen frå andre skuledag av kryssar vegen og tek på borna på den sida dei står – vidare at områdesjef i Tide Sogn, Per Steinar Sviggum, var lydhøyr i samtalen.

Sviggum stadfester overfor Porten.no at han måndag føremiddag har gitt beskjed til sjåførane på ruta.

– Me kjem til å innføra den praksisen som har vore med at bussen kryssar vegen så dette skal bli trygt framover, seier han.

Tykkjer det er utruleg at fartsgrensa ikkje blir sett ned

Maristuen er også sterkt kritisk til at det er 80-sone på denne vegstrekninga.

– Vegen går tvers gjennom eit gardstun her, det er mange ungar i området, vegen går over ein bakketopp og er dessutan ikkje dimensjonert for 80-sone. Elles i dalen er det stort sett 60- og 70-soner, men ikkje her. Dette tykkjer eg er heilt utruleg, og ein nabo har fleire gonger påpeika at fartsgrensa bør ned overfor Vegvesenet. Men det verkar som det må skje ei ulukke før noko blir gjort.

Ho fortel ho no skal senda ein e-post til alle involverte instansar, både kommunen, busselskapet og Vegvesenet.

– Ein annan ting er at når det blir vinter er det viktig at haldeplassen blir brøytt godt nok heilt uti kanten. Då kan bussen koma så langt inn på haldeplassen som mogleg, noko som gjer at det blir minst mogleg risiko for ungane ettersom inngangsdøra på bussen blir vendande mot vegen. 

Til toppen