UTRIVELEG OPPLEVING: Arvid og Inger Øren, bur like ved branntomta. Dei tykkjer det er godt at det gjekk bra med beburarane under brannen måndag kveld. Foto: Ina Eirin Eliassen
UTRIVELEG OPPLEVING: Arvid og Inger Øren, bur like ved branntomta. Dei tykkjer det er godt at det gjekk bra med beburarane under brannen måndag kveld. Foto: Ina Eirin Eliassen

Fekk ikkje med seg avslutninga av siste «Frikjent»-episoden

Arvid og Inger Øren oppdaga medan dei såg siste episode av «Frikjent» at det brann berre nokre hus unna måndag kveld. 

Måndag kveld fekk politiet melding om brann i eit bygg i Øvstetunsvegen i Øvre Årdal. Knappe 30 minutt seinare meldte politiet om at brannen var sløkt. Den eine bueininga fekk store skadar av brannen, medan dei andre bueiningande i bygget fekk vass- og røyskadar. 

Les også: Nærleik og god jobb frå starten var avgjerande

Bur like ved branntomta

Arvid og Inger Øren lurar enno på kven som er mordaren i «Frikjent»-serien, som er spelt inn mellom anna i Årdal og Lærdal, då dei gjennom stovevindauget oppdaga brannen før siste episoden var slutt. 

– Eg smatt på meg sko og sprang ut klar for tilby beburarne at dei kunne koma inn til oss fram til dei pårørande kom, seier Inger. 

Då ho kom ut på plassen var alle bebuarane ved omsorgsbustaden alt evakuert og hadde fått hjelp. 

– Heldigvis trekte vinden nedover, det er ikkje så ofte. Det er godt det ikkje gjekk liv, seier Arvid, som måndag kveld var bekymra for at brannen skulle bli spreidd til andre hus i området. 

– Det er jo folk ein tenkjer på først. Det er godt det ikkje gjekk med liv. Tenk om det hadde vore seinare på kvelden. Korleis hadde det då gått, seier Inger.

Også nokre skuleelvar kasta seg på sykkelen etter skuletid tysdag, for å sjå på skadane etter brannen. Dei tykkjer det er nifts korleis det ser ut på branntomta og med tanke på at fleire av dei bur i nærleiken. 

BRANN: – Bueininga der brannen starta er totalskadd. Men den branntekniske seksjoneringa av bygget var bra, slik at det hindra spreiing til dei andre bueiningane i bygget, fortel brannsjef Gaute Johnsgaard.
BRANN: – Bueininga der brannen starta er totalskadd. Men den branntekniske seksjoneringa av bygget var bra, slik at det hindra spreiing til dei andre bueiningane i bygget, fortel brannsjef Gaute Johnsgaard.

Politiet etterforskar brannårsaka

Seks personar vart evakuert og kommunen er i gang med å finne bualternativ til dei fem personane som budde i bueininga som brann.

Les også: Må finna bustadar til fem personar etter brannen

Tysdag føremiddag reiste også politiet rundt for å snakka med folk i området rundt branntomta, for å koma nærare eit svar om årsaka til brannen.

Onsdag skal det koma teknikarar for å gjera åstadsgranskingar.  

Les også: Politiet: – Brannen starta truleg utvendig 

Til toppen