FEKK IKKJE STØTTE: Aurland Hamnevesen fekk ikkje støtte av Enova til bygging av landstraum til cruiseskipa. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv). 
FEKK IKKJE STØTTE: Aurland Hamnevesen fekk ikkje støtte av Enova til bygging av landstraum til cruiseskipa. Foto: Jan Christian Jerving (Arkiv).  (Foto: Jan Christian Jerving)

Fekk ikkje støtte til landstraum

Aurland Hamnevesen sende i september søknad til Enova om støtte til landstraum, men fekk ikkje tilslag.

Aurland: Det opplyser Enova i ei pressemelding onsdag. Det kom inn totalt 43 søknader, der 22 av desse har fått støtte, men på lista finn ein ikkje Aurland Hamnevesen.

Landstraum er elektrisk kraft frå straumanlegg på land til det elektriske anlegget i skip eller mindre båtar som ligg til kai. Det gjer at ein slepp luftforureining og støy fordi båtane ikkje treng å late dieselaggregat gå.

Søknader som tilfredsstiller programmets krav vert prioritert etter kor høgt tilskotsbeløp det vert søkt om per kWh-potensial. Jo lågare brøk, dess høgare vert søknaden prioritert.

Enova skriv at søknaden til Aurland Hamnevesen ikkje nådde opp i konkurransen fordi støttebrøken var på 52,71 kr/kWh, og i denne utlysingsrunden vert berre prosjekt med ein støttebrøk på 2,37 kr/kWh støtta.

Totalt vart det gitt 140 millionar kroner i støtte i denne runden.

– Å forsyne skipa med fornybar kraft frå land er eit energitiltak som høyrer heime i lågutsleppssamfunnet. Difor er me glade for å kunne bidra til at denne marknaden skyt fart. Me ser no at interessa aukar blant norske hamner for å byggja ut landstraum og kutte utslepp ved kaiane, seier administrerande direktør i Enova, Nils Kristian Nakestad i pressemeldinga.

Til toppen