Fekk inn 66 000 kroner til MR

"Longhorn & venner" fylte foajeen på Norsk Villakssenter til randen. Med nærare 200 betalande blei det 36 000 kroner for MR-maskina. I tillegg kom "Forsvar Lærdal sjukehus" med ei stor gåve. Sjå video og biletegalleri!

Lærdal: Det var tilløp til kaos på Norsk Villakssenter før Longhorn-konserten onsdag kveld; eit skikkeleg regnskyll gjorde at arrangementet måtte flytta inn. Folk strøymde på og fylte opp både fojaeen på senteret og Laksen Pub & Restaurant.

Då alle dei nærare 200 som var til stades hadde fått seg ein stol drog eit utvida Longhorn i gang instrumenta; Ole Thomsen og Gudmund Bolstad Skjær på el-gitar,  Magne Grøttebø på akkustisk gitar, Ragnar Sanden på bass, Steinar Kvigne på trommer, Tom Karlsrud på trekkspel og Kristen Olav Grøttebø på vokal og akustisk gitar.

Les også: Inviterer til konsert for MR-maskina

– Stiller opp - igjen og igjen

Dei starta med coverlåtar og gjekk etter kvart over til sitt eige materiale. Tekstane i låtane til Longhorn er i all hovudsak godt lokalt forankra - og bodskapane går frå det smått humoristiske, som i den lette og ledige låta "Piercing", til vesentleg meir alvorlege tema, til dømes kveldens kanskje mest sjelfulle musikkstykkje, "Jålp me".

Karane har dessutan ute ein fersk CD om dagen, så publikum fekk også servert eit knippe nye låtar - mellom anna "Ta tak". Dette skal vera Steinar Kvigne sin noko seine debut som låtskrivar, eit poeng Kristen Olav Grøttebø understreka ettertrykkeleg.

Artikkelen held fram under videoen

Midt i konserten vart "Forsvar Lærdal sjukehus" ropt opp på scena. Bente Øien Hauge, Siv Enerstvedt og Kari Rikheim entra scena - dei er i aksjonsgruppa saman med Annemor Mundal og Olav Wendelbo, som ikkje var til stades.

– De musikarar stiller opp - igjen og igjen. Dette er verkeleg ein del av dei utruleg breie, folkelege engasjementet som har vore for å få MR-maskin til Lærdal sjukehus, sa Øien Hauge.

36 000 + 30 000

Ho nytta vidare høvet til å rosa dei tilsette, før ho avslutta:

– Aksjonsgruppa har ikkje vore så aktive i det siste - situasjonen rundt sjukehuset har vore roleg. Men me må ikkje tru det varar evig, og då er denne MR-maskina viktig for å gje sjukehuset fleire funksjonar.

Dermed overrakte aksjonsgruppa ein sjekk på 30 000 kroner til Longhorn. I same augneblink var det klart at inngangspengane talde 36 000 kroner totalt, altså var i underkant av 200 betalande på konserten.

"Sumar i Lærdal"

I siste del av seansen fekk publikum vera meir deltakande då Erling Hovland entra scena og drog i gang "Sjung Sognamaol" og andre allsongfavorittar. Avslutningsvis køyrde Longhorn ei blanding av cover- og eigne låtar.

Og – for å dra ein referanse som er på denne meldaren si musikalske heimebane – like sikkert som at Metallica spelar "Enter Sandman" i løpet av ein av sine konsertar, er det at Longhorn avsluttar med "Sumar i Lærdal". 

Samstundes som regnbygjene gjekk utanfor strålte medlemmane i Longhorn & venner av godt humør og spelelyst til siste tone var dregen.

   

Til toppen