Gulen: Då fristen for å komme med anbod på ei totalentreprise for barnehage på Byrknesøy gjekk ut tysdag, var det berre komme inn eitt tilbod. Det kom frå Steelhead Invest AS, ved Tore Larsen og Ola Braanaas, opplyser kommunedirektør Reidun K. Halland til Strilen.
Totalentreprisen, inkludert tomt, vart lyst ut 15. januar, med frist for å melde interesse og sende dokumentasjon for å kunne delta i konkurransen 28. januar. Kommunen ville så gå vidare med inntil tre tilbydarar med frist for å komme med tilbod 3. mars, fortel Halland til Strilen.
Kommunestyret vedtok samrøystes på førre kommunestyremøte å gå inn for ei løysing med kjøp av ein nøkkelferdig barnehage på Byrknesøy, etter tilråding frå administrasjonen.
Steelhead Invest lanserte i byrjinga av september at dei ville tilby Gulen kommune å kjøpe ein nøkkelferdig barnehage. Årsaka er kapasitetsmangel i noverande barnehage, særleg frå hausten av, og at det er førespegla ei rekkje nye arbeidplassar i regionen som vil gje behov for ytterlegare barnehageplassar framover.
- Les òg: Satsar på nøkkelferdig barnehage