Fekk kjendishjelp på kulturmønstringa

Laurdag ettermiddag synte mange ungdommar fram talentet sitt på UKM i Årdal kulturhus. I juryen sat ei som allereie har lykkast i bransjen.

Årdal: Kvart år blir det arrangert lokalmønstringar rundt i kommunane, der deltakarane kan syne fram nesten kva dei vil. Etter lokalmønstringa blir nokre  deltakarar plukka ut av ein jury, og sendt vidare til fylkesmønstringa for å representere kommunen sin. Laurdag ettermiddag braka UKM laus for årdølene. 

I år var det 33 påmeldte til lokalmønstringa, der 9 av desse var sceneinnslag og 22  var kunstverk. Deltakarane beviste at det er høgt nivå blandt kulturmiljøet i Årdal. Publikum fekk oppleve musikk, dikt, dans, fotografi og maleri.

Nedst i saka kan du sjå kven som gjekk vidare til fylkesmønstringa.

Juryen bestod av Mathias Hansen, Morten Hestetun Flugheim, Frida Hunshammer, Kristine Natvik Jevnaker og Berit Hagen,  også kjend som artisten "The Commander In Chief." Juryen seier nivået var høgt, men dei saknar enda fleire deltakarar.  

Artikkelen held fram under biletet.

JURY: Mathias hansen studerar kunstinnslaga.
JURY: Mathias hansen studerar kunstinnslaga.

– Deltakarane imponerte oss med innslaga deira, men det var lite påmeldte. Uansett om ein ikkje går vidare, er UKM eit godt høve til å utvikle seg sjølv.  Dei som me valde å ikkje sende vidare, må fortsatt stå på!

Kjend ansikt

Berit Hagen vart spørt om å vere dommar kun ein time før kulturmønstringa starta. Ho var tilfeldigvis i Årdal denne helga. Berit har også vore dommar på programmet "Stjernekamp" på NRK.

Gunnvor Haug Moen seier dei var heldige som fekk inn Berit som dommar.

– Ein blir jo litt "starstrucked" når folk som Berit har lyst å vere dommar her for oss. Ho vart spurt på ganske kort varsel etter at det skar seg med eine dommaren.

Gunnvor vil takke alle folka som jobba både bak og på scena. Ho håpar på fleire deltakarar neste år.

Desse gjekk vidare

Av kunstinnslaga gjekk følgjande vidare: Silje Larsen med biletet "Unmasked", Frida Hjelle med biletet "votten", Maja Grøndal med biletet "Adele" og Mari Beate Yndestad med biletet "Solnedgang."

Av dei som framførte på scena gjekk Frida Hjelle Lidal med dans, Bandet med låta "Sweater weather", Ronja Hovland, B & A, og Tea Berg vidare. 

Desse går vidare til fylkesmønstringa i Førde som føregår 2. og 3.april.

 

 

 

 

Til toppen