FOR BARNA: Dagen er for alle seier stasjonsleiar ved Bjordal brannstasjon Preben Søreide (t.v), men barna var i høgsete.
FOR BARNA: Dagen er for alle seier stasjonsleiar ved Bjordal brannstasjon Preben Søreide (t.v), men barna var i høgsete. (Foto: privat)

Fekk køyre brannbil med sirene og blålys i Bjordal og Sløvåg

Den siste veka har det vore nasjonal brannvernveke, og laurdag var det open dag på fleire brannstasjonar over heile Noreg. Bjordal og Sløvåg var to av desse. 

Høyanger/Gulen: – Det var strålande vêr, og mange folk som møtte opp. Eg har ikkje tellinga, men det var fleire enn forventa, seier stasjonsleiar på Bjordal brannstasjon, Preben Søreide. 

Sjå fleire bilder nederst i saka.

Preben Søreide seier det møtte opp mange på hendinga. Fleire enn forventa, og mange han ikkje hadde sett før. Dei vil satste på ei slik hending til neste år òg. Foto: privat

– Det er ei nasjonal hending, men det er første gang på Høyanger sørside at me har ein slik dag, seier Søreide. 

I Bjordal hadde dei også opning av ny brannstasjon.

– Det var snorklipping i porten med varabrannsjef Jarle Gjermunstad. Snora var ein gammal brannslange, fortel han. 

Delte ut 485 brannhjelmar

– Me hadde køyring med brannbil med blålys og sirene. Me hadde ambulanse med oss som viste fram utstyr, og rebus og hinderløype for barna, seier Christer Smebye, brannmester på Dalsøyra brannstasjon. 

Dei har slått saman dei fire brannstasjonane Dalsøyra, Eivindvik, Duesund og Byrknes for ei samling ved Vidsyn-senteret i Sløvåg. 

Barna fekk sjølv prøve å slokke ein brann med apparat i Sløvåg. Foto: privat

– Det er begrensa kor mange folk me greier å samle på dei små stasjonane, så me slo dei fire saman for å lage eit skikkelig opplegg som trekkjer folk, seier han. 

Dei promoterte det godt i forkant og lokale folk, hyttefolk, og folk frå Lindås-sida møtte opp. 

– Det var eit kjempebra oppmøte. Me delte ut 485 hjelmar til barn. Så eg tippar det har vore 500-600 barn. Og så kjem dei vaksne i tillegg, seier Smebye. 

Det var også biltreff og torgdag. På torgdagen var det forskjellige boder med tupperware, kle, heimelaga saker, og ansiktsmåling for ungane. 

– Det er ikkje første gong me har køyrt det her. Det er to ildsjeler, og me byggjer på konseptet, og det har berre vakse seg større, seier Smebye. 

Barn som tar med gode holdningar heim

I Bjordal kunne dei også køyre brannbil med blålys. I tillegg lærte Raude Kors vekk førstehjelp, og ein kunne stille dei spørsmål. Redningsskøyta MS Utvær var også på plass.

– Folk fekk vere med ut på båten. Dei hadde ein demonstrasjon med ein mann som datt i sjøen og som dei plukka opp igjen, fortel stasjonsleiar Søreide. 

I tillegg fekk dei som deltok lære om forskjellige sløkkjeeapparat og førstehjelp, og det var fokus på brannførebygging.

– Dagen var for alle, men barn var i høgsete. Det er gjerne dei som tar med dei gode holdningane heim til foreldrene, seier Søreide. 

Barna fekk sjølv prøve å slokke ein brann med apparat i Sløvåg. (Foto: privat)
BJORDAL: Dagen er for alle seier Preben Søreide (t.v), men barna var i høgsete. (Foto: privat)
BJORDAL: Open brannstasjon er ei nasjonal hending, og hadde då sjølvsagt fått eit eige snapchatfilter. (Foto: privat)
BJORDAL: Det er ikkje dumt å lære seg nødnummeret. Her inne på stasjonen i Bjordal. (Foto: privat)
BJORDAL: Raude kors kom frå Vadheim for å lære om blant anna førstehjelp. (Foto: privat)
BJORDAL: Ungbjørka 4H stod for sal av kaffi og svele. (Foto: privat)
BJORDAL: Brannstasjonen stilte ut mykje forskjellige utstyr som ungane fekk lov til å inspisere. (Foto: privat)
BJORDAL: Ungane fekk blant anna delt ut sin eigen brannhjelm og refleks. (Foto: privat)
BJORDAL: Klare til registrering for dagen. (Foto: privat)
BJORDAL: Ungane fekk prøve å sitte i alle slags brannbilar. (Foto: privat)
SLØVÅG: Ambulansen var på plass, og ungane fekk prøve ut båra. (Foto: privat)
SLØVÅG: Alle barn som ville fekk prøve brannbil med blålys. (Foto: privat)
SLØVÅG: I aksjon med å slokke med brannslokningsapparat. (Foto: privat)
SLØVÅG: Barna fekk testa seg i mykje på open dag med brannvesenet. (Foto: privat)
SLØVÅG: Det var mogleg å få ein tur inn i ambulansen og lære om kva som er der. (Foto: privat)
SLØVÅG: Brannbilen var sjølvsagt på plass. (Foto: privat)
SLØVÅG: Det var også mogleg å prøve den store brannslangen. (Foto: privat)
SLØVÅG: Det er stort trykk i brannslangen. (Foto: privat)
SLØVÅG: Brannbilen klar for inspeksjon. (Foto: privat)
SLØVÅG: Utstyret var på plass når dei fekk prøve brannslokningsapparat. (Foto: privat)
Til toppen