BLIR 40: Morten Hagen, ivrig fotograf, går inn i rekkja blant 40-åringar. Det må sjølvsagt feirast, men opptakta til 40-årslaget fekk ei noko uventa vending då nokre av Hagen sine kompisar sette inn ikkje mindre enn to bursdagsannonsar i Sogn Avis av det uvanlege slaget. Privat foto
BLIR 40: Morten Hagen, ivrig fotograf, går inn i rekkja blant 40-åringar. Det må sjølvsagt feirast, men opptakta til 40-årslaget fekk ei noko uventa vending då nokre av Hagen sine kompisar sette inn ikkje mindre enn to bursdagsannonsar i Sogn Avis av det uvanlege slaget. Privat foto

Fekk kreativ bursdagshelsing: – Måtte tyggja litt på den før den vart artig

Då ei gruppering av aurlendingar i vennegjengen til Morten Hagen prioriterte Sandra Lyng Haugen framfor Hagen sin 40-årsdag, fekk nokre andre kompisar vatn på mølla.

Sogndal: – Eg måtte tyggja litt på denne før eg tykte den var artig sjølv, seier 40-årsjubilanten.

I torsdagsutgåva av Sogn Avis kunne ein lesa ikkje mindre enn to bursdagsheldingar som Hagen tilsynelatande har sett inn sjølv. Den første lyder:

«Eg ynskjer inga merksemd på den store 40-årsdagen min i morgon, fredag 30.juni. Eg er i tillegg vekkreist. Morten.»

Rett under står ny helsing med følgjande ordlyd:

«Eg har ombestemt meg, og ynskjer allikevel all den merksemd eg kan få på 40-årsdagen min, fredag 30. juni. Dagen vert feira med kremen av sogndøler laurdag 1. juli. Me blir å finna på puben ut på kveldinga. Me sjaoast der. Beste helsing sjølvaste Morten Hagen».

Sjå helsingane i Sogn Avis si e-avis.

– Eg fekk eit lite forvarsel om at eg måtte lesa avisa med lupe torsdag, forklarar Hagen.

Prioriterer Sandra Lyng Haugen på Aurlandsmarknaden

Spørsmålet blir sjølvsagt om kompisane som sette inn annonsen gjorde det berre på «skøy», eller om det ligg ei djupare meining bak.

Fasiten er det siste, forklarar Hagen sjølv: 

– Me er ein venegjeng på sånn cirka tjue som møtest tre-fire gonger i året; mellom anna har me julebord og noko me kallar Vabba games. Nokre av desse er aurlendingar og stod på invitasjonslista til 40-årsdagen. Men så fekk eg beskjed om at dei prioriterte Sandra Lyng Haugen på Aurlandsmarknaden i staden. Dette tykte nokre av dei andre kompisane var ein svært dårleg prioritering, så at «dagen vert feira med kremen av sogndøler» er retta mot desse aurlendingane, humrar Hagen.

Og legg til:

– At dette er ei dårleg prioritering stiller eg meg sjølvsagt bak.

Reknar med fråfall i løpet av kvelden

Men for dei 30-40 som skal på Hagen sin bursdagsfeiring på Lægreidspuben, ligg det an til ein livleg kveld. 

– Eg gler meg veldig, og har ingen bekymringar med å gå inn i rekkja blant 40-åringar. Me blir ein 30-40 stykk. Så må me vel rekna med fråfall på ein til to av dei i løpet av kvelden, spår bursdagsbarnet.

Til toppen