DISKUTERTE: Brevet frå Johan Grøttebø var stila til formannskapet i Lærdal, som diskuterte saka torsdag i førre veke. Her ordførar Jan Geir Solheim og gruppeleiar Gro Starheimsæther i Senterpartiet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
DISKUTERTE: Brevet frå Johan Grøttebø var stila til formannskapet i Lærdal, som diskuterte saka torsdag i førre veke. Her ordførar Jan Geir Solheim og gruppeleiar Gro Starheimsæther i Senterpartiet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fekk kritiske spørsmål om ombyggingsprosjektet

Mellom anna kommuniserte Lærdal kommune ut at arkitektkontoret A38 var ein av to utførande arkitektar i samband med ombyggingsprosjektet ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Arkitektkontoret sjølve stilte seg uforståande til dette.

Lærdal: I eit brev frå Johan Grøttebø, innbyggjar i Lærdal, får politikarane og administrasjonen spørsmål om fleire sider ved prosjektet som Grøttebø meiner er problematiske. 

Les også: Skal finna smarte grep for ombyggingsprosjektet

Les også: Vedtok ombygging på bu- og omsorgsheimen

Mellom anna spør Grøttebø kva firma som er involverte i prosjektet med ombygging og bygging av omsorgsbustader ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Han fekk følgjande svar på e-post: «utførande arkitekt for det prosjekt som no er til handsaming er arkitektfirmaet A38 og MetoPro.»

Få dagar seinare mottok kommunen brev frå Arkitektkontoret A38 med følgjande innhald: 

«Vi er blitt gjort kjent med at kommunen både skriftleg og munnleg har oppgjeve vårt firmanamn som utførande arkitekt i samband med prosjekt ved Lærdal alders- og sjukeheim.

Då vi kun har utført ei mulegheitsstudie kan vi dessverre ikkje ta noko ære for å ha vore delaktig som utførande arkitekt ved nemnte prosjekt.

Vi ber om at vårt firmanamn heretter ikkje blir nemnt meir i samband med dette prosjektet.»

– Feilinformasjon

Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal seier dette handlar om ei misforståing.

– Det vart kommunisert ut feilinformasjon frå ein sakshandsamar i kommunen. A38 vart brukt i forstudiefasen, dei var her og keik på eksisterande bygg og skisserte ei mogleg løysing. I neste runde var det ein liten anbodskonkurranse der A38 og Meto Pro leverte tilbod. Meto Pro vart valde og engasjerte av kommunen til å sluttføra forprosjekteringa og laga prinsippet for løysinga. Dette danna basis for den endelege anbodsrunden. 

I anbodsrunden gjekk kommunen for ei totalenterprise og Kleiven Sogn vart vald fordi dei leverte det rimlegaste tilbodet. 

Artikkelen held fram under biletet

FEILINFORMASJON: Rådmann Alf Olsen jr. seier det var ein feil at arkitektkontoret A38 vart kommunisert ut som ein av to utførande arkitektar i ombyggingsprosjektet.
FEILINFORMASJON: Rådmann Alf Olsen jr. seier det var ein feil at arkitektkontoret A38 vart kommunisert ut som ein av to utførande arkitektar i ombyggingsprosjektet.

Spør om habilitet

Grøttebø stiller i brevet også spørsmål ved habiliteten til nokre av dei involverte, utan å gå nærare inn på namn. Dette spørsmålet diskuterte formannskapet torsdag etter at rådmann Olsen hadde forklart saksgangen:

– Trond (Øyen Einemo, varaordførar red.anm.) vart førespurt av Kleiven om å vera prosjekterar ettersom Kleiven nyttar Meto Pro. Han har sagt seg ugild kvar gong saka har vorte handsama. Så har me ein situasjon i høve vegen vidare. Broren til prosjekterar er tilsett i kommunen og er involvert i arbeidet med saka frå vår side, så det kan vera at det blir diskusjonar mellom Trond og kommunen - då har me Kleiven som kontrakspart og forheld oss til dei. Mesteparten av dialogen går via byggjeleiar for kommunen, som me har knytt til oss frå Sweco.

Såleis oppfatta ikkje rådmannen at det var habilitetsproblem her, og det oppfatta ikkje politikarane som tok ordet heller. 

OBJEKTIV PART: Gruppeleiar i AP, Kåre Mentz Lysne, sa dei såg det som positivt at kommunen nyttar ekstern byggjeleiar frå Sweco i det vidare arbeidet. Annike Vanberg (SV) til venstre.
OBJEKTIV PART: Gruppeleiar i AP, Kåre Mentz Lysne, sa dei såg det som positivt at kommunen nyttar ekstern byggjeleiar frå Sweco i det vidare arbeidet. Annike Vanberg (SV) til venstre.

– Når gjeld habilitet har me i gruppa diskutert dette og ser det som positivt at Sweco er inne som objektiv part. Ein skal vera forsiktig om ein kjem opp i situasjonar der spørsmålet blir reist - folk følgjer med, sa gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Kåre Mentz Lysne.

Ordførar Jan Geir Solheim (SP) sa det slik: 

– Det er eit godt skrive brev og relevante spørsmål - det er bra med engasjerte innbyggjarar. Når gjeld spørsmålet om habilitet meiner eg me heilt klart er innanfor. 

I eit svarbrev til Grøttebø frå kommunen signert rådmannen og ordføraren blir dette synspunktet understreka:

«Trond Ø Einemo og Jarle Molde har gått frå som inhabile under den politiske handsaminga av saka. Trond av di han er tilsett i Meto Pro AS, Jarle av di han er styreleiar i Kleiven Sogn AS.»

Meiner framstillinga gir feil inntrykk av kostnadsbiletet

Grøttebø reagerer også på at element som «rigg og drift», «bygge- og prosjektleiing» og «uteområde» er tekne ut som eigne element i kostnadsoversikta. Han meiner det meste av dette burde ha stått under «omsorgsbustader» fordi ein ikkje kan byggja omsorgsbustadene utan til dømes rigg og drift og bygge- og prosjektleiing.  Vidare at den utrekna kvadratmeterprisen for omsorgsbustadene difor blir framstilt som lågare enn den faktisk er.

Avslutningsvis skriv Grøttebø: «Eg syns det difor er grunn til å be formannskap/kommunestyret og kontrollorgan å sjå nærare på om handsaminga av dette prosjektet er i tråd med god off. forvaltning.»

Rådmann Olsen forklarar oppstillinga av kostnader slik:

– Dei relevante deler av rigg og drift er tekne med i utrekningar av kvadratmeterprisar. Oppsettet i saka viser dei ulike elementa i anbodet og kostnader knytt til desse, det har ikkje noko med utrekningane av kvadratmeterprisar å gjere. Så er det slik at dette ikkje er eksakt vitskap. Me har gjort ei samanlikning mot standardprisar for å få kunnskap om utbygginga er kostbar, i tråd med vanlege kostnader eller rimelegare.

Til kontrollutvalet

Grøttebø reagerer også på at kommunen har lagt opp til ei totalenterprise - det vil seia at ein entreprenør med sine underentreprenørar tek heile prosjektet. 

«Tidlegare, når kommunen skulle løysa slike off. bygg, brukte kommunen eit byggenemnd og eit team med arkitekt og rådgjevande ingeniørar i utgreiinga av prosjektet og i anbod- og byggefasen. På den måten utforma ein bygget sine planløysing, funksjonar,, materialval etc. på kommunen sine premissar og ein brukte ei oppdelt entrepriseform.

Med slik entrepriseform fekk ein inn fleire konkurrerande anbod i dei ulike fagområda, og ein hadde ei fagleg forsvarleg vurdering av anbod i etterkant. Ved totalentreprise er det entreprenøren (då ofte utfrå konkurransemessige omsyn) som gjer ein del val i prosjektløysingane, og ein får då eit prosjekt på entreprenøren sin premissar. Vil kommunen seinare gjera endringar, ja så går taxameteret», skriv Grøttebø. 

Då formannskapet diskuterte innhaldet i brevet frå Grøttebø torsdag førre veke, forklara rådmann Olsen jr. forklara kvifor dei hadde gått for ei totalenterprise:

– Me beslutta å gå inn for ei totalentreprise fordi me gjennom forstudiet gjekk så detaljert til verks at me klarte å styra dette i høve ei totalentreprise. Me fekk inn to tilbod, og det var veldig stor prisskilnad der Kleiven Sogn var rimelegast. Seinare er det informert om det totale kostnadsbiletet i ulike fora. Me gjekk gjennom prosjektet og la fram ei løysing for kommunestyret som vart vedteke.

Ordførar Solheim signaliserte at Kontrollutvalet bør sjå på saka:

– Kontrollutvalet får gjera ei vurdering, det blir feil av oss å vurdera eiga handsaming. 

Til toppen