PRIS: Reidun Haugnes (midten) synest det er ei stor ære å bli tildelt kulturprisen til Høyanger kommune. Ho fekk prisen torsdag av ordførar Petter Sortland (Ap, t.v.) og kommunalsjef for kultur og folkehelse, Anita Nordheim (t.h.).-
PRIS: Reidun Haugnes (midten) synest det er ei stor ære å bli tildelt kulturprisen til Høyanger kommune. Ho fekk prisen torsdag av ordførar Petter Sortland (Ap, t.v.) og kommunalsjef for kultur og folkehelse, Anita Nordheim (t.h.).- (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Fekk kulturprisen i Høyanger: – Møteplassar er viktige for det gode liv

Reidun Haugnes mottok torsdag kulturprisen i Høyanger for 2019 for den mangeårige innsatsen innan kunstformidling. Ho brenn for å lage innhaldsrike møteplassar.

Høyanger: – Så kjekt det er å få drive med det ein brenn for. Og det er endå kjekkare at det vert lagt merke til og sett pris på av andre. Det aller kjekkaste er at noko er synleg etter ein. Det er verkeleg ei stor ære å få prisen, sa Reidun Haugnes då ho mottok kulturprisen. 

Ordførar Petter Sortland (Ap) delte ut kulturprisen for 2019 etter årets siste kommunestyremøte torsdag. Utvalet for kultur og folkehelse har gjeve prisen til Haugnes på bakgrunn av det mangeårige arbeidet ho har gjort med kunstformidling i kommunen. Utvalet la vekt på at ho gjennom arbeidet i Høyanger kunstlag har formidla kunst til innbyggjarane generelt, men særleg også til born og unge. 

Pris og galleri 

Sortland viste til at Haugnes stod på i 20 år for å få etablert Gunnar S.-galleriet som ein finn i byporten, og at ho med det har fått Høyanger på det nasjonale kunstkartet. I tillegg har Haugnes fått skulpturutstillinga til Norsk billedhoggerforeining til Høyanger, og seks av desse står framleis i tettstaden. 

Tidlegare i år mottok også Haugnes og Høyanger kunstlag saman med Kongsberg kunstlag prisen for årets kunstlag. 

– I staden for å søkje kunstutdanning og forsøke å bli ein Picasso, vart det lærarskulen og vidaretutdanning i forming så eg hadde til salt i grauten. Men med kunstlaget har eg fått vere med å lage møteplassar med kunstuttrykk for alle, sa Haugnes i takke talen. 

– Møteplassar er viktig for det gode liv, særleg når dei i tillegg har innhald, sa ho vidare. 

Hoppa rett på skulpturutstilling

Som fersk i Høyanger kunstlag vart Haugnes så inspirert på eit seminar i Balestrand i med bilethoggar Arve Bringaker om kunst i det offentlege rom, at ho like godt slo til med å få Norsk billedhuggerforening til å lage ei skulpturutstilling i Høyanger i år 2000. Då vart det samstundes laga ei kunstløype i tettstaden. 

Haugnes oppmoda kommunen om å lage til ei slik løype igjen. 

Ho takka vidare kommunen for hjelpa med å få i stand Gunnar S.- galleriet. 

– Det er ein møteplass kommunen kan vere stolt av og som vert lagt merke til nasjonalt, sa Haugnes.

Til toppen