HARDTARBEIDANDE: Eirik Bakke har sett saman eit hardtarbeidande Sogndal-lag som klarte å halde eit medaljejagande Molde til uavgjort søndag. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
HARDTARBEIDANDE: Eirik Bakke har sett saman eit hardtarbeidande Sogndal-lag som klarte å halde eit medaljejagande Molde til uavgjort søndag. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.

Fekk med seg sterkt bortepoeng: – Fantastisk innsats

Sogndal-trenar Eirik Bakke hylla eigne spelarar etter å halde nullen mot Molde og fått med seg eitt poeng tilbake til Sogn. 

Molde – Sogndal 0-0

Molde: Sogndal møtte eit medaljejagande Molde-lag søndag, og på papiret skal moldensarane vera sterkare enn sogningane, men knallhard innsats gjorde sitt til at Sogndal fekk med seg eit sterkt bortepoeng heim.

– Me skapte ikkje så mykje, men det var fantastisk innsats av gutta på topp. Me fekk litt trykk imot mot slutten, men det må me tole mot Molde. Me kunne fort ha vunne også med litt utteljing på dødball, seier Bakke til TV 2 etter kampen.

Det var Sogndal som kom best i gong på Aker Stadion. Etter fem minutt forsøkte Ole Amund Sveen både éin og to gonger, men klarte ikkje å få ballen i mål. 

Først då ti minutt var spelt kom Molde til sin første sjanse, og det er av den svære sorten. Rindarøy fossa nedover venstrekanten og fann ein umarkert Sigurdarson i boksen. Sjølv om sistnemnde fekk stå åleine og sikte, klarte han ikkje å setja ballen på mål. 

Hardtarbeidande Sogndal

Etter den positive Sogndal-starten tok Molde fullstendig over banespelet. 22 minutt var spelt då dei kom til nok ein stor sjanse. Denne gongen var det Strand som fekk avslutte, men oppofrande forsvarsspel hindra scoring.

– Me fortente ikkje meir enn uavgjort. Me møter eit lag som jobbar knallhardt og gjer det vanskeleg for oss, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær til TV 2. 

– Eirik har sett saman eit godt og hardtarbeidande lag, men me må tenkja på oss sjølve. Eg er skuffa over at me ikkje skapar nok sjansar, legg han til. 

Tendensen utover omgangen var at Sogndal var hengande mykje etter i banespelet og måtte springe mykje mellom, men trass balldominans var ikkje vertane nøyaktige nok på siste tredjedel til å ta leiinga før pause.

Stor sjanse på overtid

Slik heldt det også fram etter kvilen, men no utan dei gode Molde-sjansane. Gjestane frå Sogn derimot, klarar heller ikkje å skape stort og nytte seg av kontringsrommet. 

Både Rindarøy og Strand forsøker seg i det klokka har passert 85 minutt, men ingen av dei klarte å tukte Dyngeland i Sogndal-buret. På overtid var Molde svært nære 1-0 då ei blanding av Hestad og Sveen avsluttar like til side for mål, men nærare enn det kjem ingen av laga.

Sogndal tek difor med seg eit sterkt bortepoeng tilbake til Sogn. No ventar Strømsgodset i det TV-sendte oppgjeret neste søndag.

– Då har me moglegheit til å gå forbi Godset, så me må berre stå på, seier Bakke. 

Til toppen