PRISUTDELING: Jonny Simenes i Forbundet for ledelse og teknikk og Oddgeir Øren, musikalsk leiar for Årdalstangen Musikklag. Foto: Ina Eirin Eliassen
PRISUTDELING: Jonny Simenes i Forbundet for ledelse og teknikk og Oddgeir Øren, musikalsk leiar for Årdalstangen Musikklag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Fekk musikkpris og delte planar for framtida

Årdalstangen Musikklag fekk tysdag kveld tildelt Magnus Midtbøs Korpspris for 2015, som i år går til to korps i Noreg.

Årdal: I kantina på rådhuset på Årdalstangen var musikarar og andre samla tysdag kveld for høgtidleg feiring av prisen.  Av meir enn 70 søknadar, valde juryen i år å dela ut to like prisar, ein til Årdalstangen Musikklag og ein til Skodvin Skulemusikk. 

Artikkelen held fram under biletet

HØGTIDELEG: Folk var samla til prisutdeling og feiring tysdag kveld. Alt i sommar fekk Årdaltangen Musikklag den glade meldinga om at dei fekk Magnus Midtbøs Korpspris for 2015. 
HØGTIDELEG: Folk var samla til prisutdeling og feiring tysdag kveld. Alt i sommar fekk Årdaltangen Musikklag den glade meldinga om at dei fekk Magnus Midtbøs Korpspris for 2015. 

Til og frå fagbevegelsen

Prisen vart delt ut av Addisco, eit utdanningsselskap eigd av Forbundet for ledelse og teknikk (FLT). 

– De tykkjer kanskje det er rart at eit utdanningsselskap delar ut ein slik pris, men Addisco handlar om livsslang læring og er godt forankra i fagbevegelsen. Og fagbevegelsa stifta jo nettopp Årdalstangen Musikklag. Dette er eit generasjonskorps med medlem frå 12 til 73 år, det imponerer meg, men følger også med seg ein del utfordringar med å tanke på å instruere, motivere og engasjere alle musikantane. Difor skal prisen på 15.000 kroner vera med å stimulere til rekruttering og vidareutvikling av korps, musikantar, dirigentar og leiarar. Gratulerer med prisen, seier Jonny Simenes, forbundsleiar i FLT som satt i juryen. 

Vil vera tilstades på små og store hendingar

Nestleiar i Årdalstangen Musikklag, May Terese Seglem fortel om både opp og nedturar for musikklaget som starta opp i 1947. 

–BETYR MYKJE: May Terese Seglem, nestleiar i Årdalstangen Musikklag.
–BETYR MYKJE: May Terese Seglem, nestleiar i Årdalstangen Musikklag.

– Korpset har som mål å spele på store og små hendingar. Me likar å spela i lag og sett stor pris på ein kveld som dette, seier Seglem. 

– Eg er så stolt eg er på gråten. Korpset har  hatt eit mantra om å vera med å bygge det kulturelle livet på Årdalstangen. Nesten ti prosent av bygda her nede gir sin grasrotandel til musikklaget og me har også eit internt mål at om me greier å samla kring ti prosent av bygda til konsertane våre er me godt nøgde. Det greier me nesten, seier Oddgeir Øren, musikalsk leiar i Årdalstangen Musikklag. 

Les også: Avslutta 90-årsjubileumet med ompamusikk

Med i eit prosjekt for å bli betre

 

Øren fortel at musikklaget for nokre år sidan vart med på  korpsbyggarprosjekt «Bli betre – få det betre» i regi av Noregs Musikkorps Forbund. Korpset ville då ha nokon til å kika dei i korta, for å sjå korleis å bli betre. I denne prosessen har dei fått hjelp av Viggo Bjørge, som Øren omstalar som landets fremste korpsbyggarar. Bjørge er også med i Eikanger-Bjørsvik Musikklag frå Nordhordland, som er eit av Europas leiande brassband.

KORPSBYGGAR: Viggo Bjørge, er med i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, men har også vore rettleiar i prosjektet som skal gjere Årdalstangen Musikklag til eit betre korps.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Me veit kor vanskeleg det er å få faste lærekrefter. Difor skal me no bruka nettverket gjennom Eikanger-Bjørsvik Akademiet slik at me kan finne nokon som kan ta på seg eit større oppdrag for at elevane på Tangen skal få kjenne på følelsen av å spele i skulekorps, fortel Bjørge, som no har rettleia Årdalstangen Musikklag i kring to år.  

Brukar prisen til å rekruttere og vidareutvikle korpset

Årdalstangen Musikklag har også sett seg som mål om å vera eit musikklag for alle. For å nå det med seg vil dei no gjera årskonserten sin til  ei oppleving for både musikarar og publikum, der musikklaget skal yta litt meir enn vanleg. No skal musikarane få oppleva å stå framfor den profesjonelle dirigenten Idar Torskangerpoll. Torskangerpoll, som er av Noregs mest brukte korpsarrangør, er lokalt forankra i fylket, kjenner korpset godt og vil vera ei nyttig hjelp for korpset vårt, fortel Øren. 

Artikkelen held fram under biletet

 

TONAR TIL PRISEN: På slutten av 80-talet, då Eikanger-Bjørsvik Musikklag akkurat hadde vorte dobbelt europameister, vart dei invitert til Årdalstangen. Viggo Bjørge fortel om ekstatiske tilstadar, der Eikanger-Bjørsvik aldri før hadde skrive så mange autografar. Sidan den gong har dei hatt ekstra omsut for korpset på Årdalstangen. Her spelar delar av Eikanger-Bjørsvik for prisvinnarane. 
TONAR TIL PRISEN: På slutten av 80-talet, då Eikanger-Bjørsvik Musikklag akkurat hadde vorte dobbelt europameister, vart dei invitert til Årdalstangen. Viggo Bjørge fortel om ekstatiske tilstadar, der Eikanger-Bjørsvik aldri før hadde skrive så mange autografar. Sidan den gong har dei hatt ekstra omsut for korpset på Årdalstangen. Her spelar delar av Eikanger-Bjørsvik for prisvinnarane. 

– Talet musikarar kjem opp på eit visst nivå, så skjer det ting i samfunnet som er utanfor vår kontroll, som gjer at me mistar dei att. Gjennom prosjektet «Bli betre – få det betre» vil me difor køyra ei rekrutteringskampanje retta mot vaksne musikantar, der me tilbyr både oppfriskings- og nybegynnarkurs, seier Øren.

Kvintetten frå Eikanger-Bjørsvik Musikklag kom også får å gjere heider på prisvinnarane, som skulle sleppe å spele og i staden feire denne kvelden. 

Sjekk også ut nettsida til Årdalstangen Musikklag for meir informasjon om mellom anna arrangement i tida framover. 

Til toppen