FEKK NEI: I haust pressa mellom anna ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), og ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), på for å gå gjennomført ein KVU for Sognefjellstunnelane, men det seier Samferdsledepartementet nei til. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FEKK NEI: I haust pressa mellom anna ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp), og ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid (Ap), på for å gå gjennomført ein KVU for Sognefjellstunnelane, men det seier Samferdsledepartementet nei til. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Fekk nei til utgreiing

Samferdsledepartementet seier nei til ei konseptvalutgreiing av Sognefjellstunnelane.

Årdal: Det går fram av eit brev som er sendt til Statens vegvesen for departementet i samband med vidare arbeid med prioritering av hovudvegar mellom aust og vest.

– Departementet har beslutta at det ikkje blir gjennomført nokon KVU for Sognefjellstunnelar. Det vert vist til rapporten frå aust-vestutgreiinga og at effektane av eit slikt samband er for liten til å forsvara dei høge kostnadene. 

Utgangspunktet for ønsket om ei konseptvalutgreiing er at dette vil gi langt meir presise tal om kor mykje trafikk som vil passere Årdal dersom vegprosjektet blir ein realitet. Her er talgrunnlaget for dette for dårleg i dag, presiserte ordførarane i Luster og Årdal, Ivar Kvalen (Sp) og Arild Ingar Lægreid (Ap), då dei sette dette på dagsorden før valet i fjor.

Godtek ikkje nei

Då var beskjeden frå Lægreid klar dersom det vart nei.

– Me godtek ikkje eit nei. Vegprosjekt er langsiktig arbeid, og me vil jobba vidare med dette framover. Me vil gjera det me kan for å påverka til eit positivt vedtak rundt KVU, sa han då.

Vidare i brevet skriv Samferdsledepartementet at dei ønskjer ein KVU for strekninga Gol-Voss for å belyse ulike konsept på strekninga innanfor dei to korridorane riksveg 7 og riksveg 52.

Satsar ikkje på E16

Like før jul blei det klart E134 Haukeli skal vera ein av to hovudvegar mellom aust og vest, men regjeringa klarte ikkje å seie om Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet skal blir den andre. Det er ingen tvil om at dersom sistnemnde blir valt, vil det bety mykje for Lærdal og Sogn som region. 

I brevet skriv også departementet at dei legg opp til at E16 ikkje vil vera eit hovudvegsamband mellom Austlandet og Vestlandet, men at det er lagt til grunn at påbyrja tiltak på E16 skal ferdigstillast.

Det er venta at KVU for Hardangervidda og Hemsedalsfjellet er ferdig innan 1. september 2016.

Til toppen