OPPLÆRING: Tysdag og onsdag har politikarane blitt lært opp i korleis ein skal vere politikar. Her gir Svein Arve Grindhaug dei innblikk i budsjettet og kommunaløkonomien. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPLÆRING: Tysdag og onsdag har politikarane blitt lært opp i korleis ein skal vere politikar. Her gir Svein Arve Grindhaug dei innblikk i budsjettet og kommunaløkonomien. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Fekk opplæring i å vera politikar

Ferske og erfarne politikar i Årdal har vore gjennom to dagar med opplæring.

Årdal: Valet er for lengst over, og no tar alvoret i gong for dei mange politikarane som har fått ein plass i kommunestyret i Årdal. I år er det mange nye fjes, og for nokre er det å vere politikar ei heilt ny erfaring.

Bjørn Havro (Sp) og Kurt Jevnaker (V) er døme på to som er nye i denne samanheng. Difor set dei også stor pris på at det er sett av to dagar med opplæring av politikarane.

– Det er nyttig. Ein får innblikk i ein del ting ein må vita når ein skal utøva vervet som kommunestyrerepresentant, seier Havro. 

Kutyme i salen

I løpet av dei to dagane går dei blant anna gjennom korleis ein skal oppføre seg i salen, korleis ein oppfører seg på sosiale medium og andre lovar og regler som gjeld for representantane.

Artikkelen held fram under biletet.

BEVISSTGJERING: Kurt Jevnaker (V) er fersk politikar, og for han var det ein del ting rundt oppførsel i salen blant anna som var nytt.
BEVISSTGJERING: Kurt Jevnaker (V) er fersk politikar, og for han var det ein del ting rundt oppførsel i salen blant anna som var nytt.

– Me har blant anna lært om oppførsel i salen som eg ikkje var heilt klar over. Du snakkar til dømes ikkje til enkeltrepresentantar, men til folket gjennom ordføraren, så du må adressere han. Det er også krav om at du er sakleg i argumentasjon og andre ting ein kanskje ikkje tenkjer så mykje over, men som ein blir gjort bevisst på, legg Jevnaker til.

Sosiale medium

No er representantane politikarar på heiltid. Det betyr at dei til einkvar tid på tenkje seg om når dei uttalar seg i ulike samanhengar. Og då spesielt på sosiale medium som Facebook, der diskusjonar ofte kan dra seg ut i lange trådar – gjerne med nokre usaklege kommentarar i mellom.

– Det er viktig å vera bevisst på kva ein kommenterer på og måten ein gjer det. Me er ei rolle, anten me likar det eller ikkje, 24 timar i døgnet. Me må tenkja oss om litt ekstra før me kastar oss inn i diskusjonar. Det finst strålande døme på at ting du seier kan bli snappa opp, meiner Jevnaker.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTTIGE TIPS: Rådmann Olve Fossedal bidrog med nyttige tips undervegs i opplæringa.
NYTTIGE TIPS: Rådmann Olve Fossedal bidrog med nyttige tips undervegs i opplæringa.

– Eg trur to slike dagar er naudsynt for folkevalde som skal gjera noko. Me har ulik bakgrunn og pågangsmot, og ein må lære seg dette med å forstå spelereglane og korleis ein fremjar saker.

Representerer folket

Havro og Jevnaker angrar altså ikkje då kommunalsjef Svein Arve Grindhaug set i gong med budsjett, Kostra og statsbudsjett, som kan vera ganske så krevjande og tungt stoff til tider. 

For til sjuande og sist handlar det om å representere folket, og då er det nyttig å dra med seg erfaringar frå livet inn i det ein skal drøfte.

– Ein tar med seg ting frå arbeidslivet og det private. På fritiden er eg til dømes oppteken av det kulturelle. Me er jo familiefolk med ungar som skal bu her nokre år, så det er viktig å setja seg inn i ting for å sikra at tenestene blir like gode for ungane våre, synest eg. Folk burde engasjera seg i lokalsamfunnet oftare enn kvart fjerde år, slår Havro fast.

Til toppen