STRONGMEN: Jørn Erik Fuglesteg og Jonas Bathen (3. plass i Norges Strongman Cup) syner musklar på veg heim frå cup.
STRONGMEN: Jørn Erik Fuglesteg og Jonas Bathen (3. plass i Norges Strongman Cup) syner musklar på veg heim frå cup. (Foto: Privat )

Fekk palleplassering i Norges Strongman Cup: – Vil bli blant dei sterkaste i landet

Norges Strongman Cup 2018 gjekk av stabelen i Møre og Romsdal i helga. Det enda med ein 3. plass for lustringen, Jonas Bathen.

Luster: – Det var ein heilt topp konkurranse med mange tilskodarar og eit supert opplegg som var både underhaldande og effektivt, seier Jonas Bathen etter cupen. 

Ein krevjande sport 

Han deltok i helga på Norges Strongman Cup og 2. kvalifiseringsrunde til Norges Sterkaste Mann som er i oktober. 

– På denne konkurransen var det 10 deltakarar men antalet kan variera frå år til år, seier han. 

Sporten er blitt hans store lidenskap og krever mykje av den sterke 21-åringen. 

– Strongman er ein sport med mange styrkerelaterte øvringar miksa inn i ein konkurranse. Øvingar me gjer er blant anna markløft, trekking av lastebil, steinløft og dekkvelting. 

Eit godt miljø for strongmen i Luster 

Dei eksplosive øvingane er han ikkje aleina om å driva med. Fleire av kompisane hans driv med det same, og det er eit godt miljø i Luster for sporten seier han. 

– Eg blei påverka av miljøet og tykte det heile var gøy. No har eg trent styrke i 5-6 år og drive med strongman i 3-4 av dei. 

Har klare mål for framtida

Etter 3. plassen i cupen er han motivert og ser fram til dei neste konkurransane han skal delta i. 

– Dei siste månadane har eg fokusert mykje på spesifikke øvingar eg veit kjem på konkurransane. Det har vore mykje fokus på mat og generelt mykje trening kvar veke, seier Bathen. 

Han føler at sporten har gjort han sterkare, ikkje berre fysisk men òg mentalt. 

– Målet mitt er sjølvsagt å koma så langt som mogleg. Sakte men sikkert ynskjer eg å auka styrken min, vera lur og forhindra skader, samstundes som eg forhåpentlegvis konkurrerar i toppen. 

Til vanleg er han anleggsrøyrleggar i Sandvika og pendlar heim til Indre Hafslo og treningskompisane kvar helg. 

– Denne helga hadde eg med meg Jørn Erik Fuglesteg på cup. Han fekk 3. plassen forrige gong me var der, men denne gongen blei det meg, seier Bathen.

Til toppen