Sogndal: No får dei pris for innsatsen under brannen.
– Dei var snarrådige og sette opp ein brannbil med radioterminal i gateway-modus. Dermed sørga dei for å utvide dekninga til naudnettet lokalt slik at mannskapa fekk høve til å kommunisere med kvarandre, står det i pressemeldinga frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, som står bak tildelinga.
Prisen blir delt ut for første gong i år og går til den eller dei som har vist god bruk av naudnett. Mottakaren av prisen skal vere eit godt eksempel og arbeidet må ha overføringsverdi til andre.
– Det var mange involverte i hendinga denne dagen, som alle gjorde en utmerka jobb, men vi ønskjer å berømme Sogn brann og redning for å vere snartenkte og ha tilstrekkelig naudnett-kompetanse til å utnytte dei moglegheitene som finst i nettet, sa DSB-direktør Cecilie Daae, ifølgje pressemeldinga, då ho i dag, måndag, delte ut prisen til brannsjef Vidar Trettenes i Sogn brann og redning.