Fekk prøve fiskelukka i Lærdalselvi

Elevane i 4. klasse ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule fekk torsdag prøve seg på flugefiske i Lærdalselvi.

 – Det vart ein fantastisk dag med eit flott opplegg, fortel kontaktlærar Ingebjørg Voll, som legg til at laksefiske var eitt av mange høgdepunkt denne dagen.

Artikkelen held fram under biletet

KLAR FOR MARKERING: Kontaktlærar Ingebjørg Voll med 4. klasse på sykkeltur langs Lærdalselvi. 
KLAR FOR MARKERING: Kontaktlærar Ingebjørg Voll med 4. klasse på sykkeltur langs Lærdalselvi. 

Etter 4 år i småskulen tykte kontaktlærar Ingebjørg Voll det var på plass med ei skikkeleg markering for dei 17 elevane. Anledninga baud seg då pappa til Anna, Mark Brooks, føreslo at klassen kunne sykle opp til han. Der kunne dei kombinere fiske med grilling og andre aktivitetar.

– Det var jo berre å takka ja og slå til på eit slikt tilbod, medgir Ingebjørg, som slett ikkje angra på det.

Viktige opplevingar å ta med seg

Brooks tykkjer det er viktig at ungdomen kjem seg ut i naturen og får oppleve nye ting. 

– Etter mitt syn så hadde ungane ein super dag med ein lang sykkeltur. 

Artikkelen held fram under biletet

UTEKOS: Grillmaten fall i smak både hjå unge og vaksne.
UTEKOS: Grillmaten fall i smak både hjå unge og vaksne.

Brooks har i alle år verdsett friluftsturane som vart arrangert i regi av skulane. Han trekker særleg fram lærarane Daniel Vehusheia og Oddmund Einemo. 

– Dei tok oss elevane med på fantastiske opplevingar, det var alt frå orreleik til fiske i elvar og fjellvatten. Eg kan med stor sikkerheit seie at opplevingane dei gav oss i ung alder følger oss livet ut. Det er svært synd at elev trinna som no vandrar gjennom skulesystemet ikkje har same tilbod lenger, det har eg som mål å gjera noko med, seier Brooks.

Fekk lufta "sykkellappen"

Utgangspunktet for turen var at kontaktlærar snakka med klassekontaktane i vinter.

– Det hadde vore kjekt med ein sykkeltur når alle hadde teke "sykkellappen". 

Ingebjørg fortel vidare at turen forbi sjukehuset og langs elva gjekk fint, elevar og føresette sykla på rekkje og rad. Vèl framme blei klassen godt mottekne av Mark Brooks, som for anledninga hadde teke med seg to fiskeinstruktørar.  

Artikkelen held fram under biletet

SKYT PÅ BLINK: Amalie får ein av ballongane i sikte. 
SKYT PÅ BLINK: Amalie får ein av ballongane i sikte. 

På jakt etter storlaksen

Elevane fekk prøve 5 flugekast kvar, og spenninga var like stor kvar gong. Kven som hadde fiskelukka med seg, og kunne fange den største laksen, var det delte meiningar om. 

– Det hoppa ein kjempelaks ute i elvi no, kanskje den bit, utbraut nokre av elevane, medan dei venta i spenning på at det skulle bli deira tur. 

Men storlaksen held seg unna denne dagen, sjølv om det var enkelte napp. Det var likevel ingen sure miner blant dei unge sportsfiskarane.   

Artikkelen held fram under biletet

ISKALD FANGST: Elevane ventar spent på den iskalde brusen rett frå elva. 
ISKALD FANGST: Elevane ventar spent på den iskalde brusen rett frå elva. 

Det var ikkje berre laksen som nappa i snøret ved Lærdalselvi. Ei overrasking låg klar då elevane kom sveitte og slitne etter sykkelturen. Dei fekk sjølv dra opp det som gøymde seg nede i elva, og jubelen sto nærast i taket, då fleire liter iskald brus blei dregne opp på land. Ein fangst som fall i smak hjå syklistane. 

I taubane over elva

– Taubana over elva var ei oppleving, og ungane fekk dra oss over. Brus i elvemunninga, skyting med luftgevær - alt var nytt og spennande. Tenkjer at dette er ein dag alle vil hugse med glede. Ei flott avslutning på desse 4 åra i småskulen, avsluttar Ingebjørg, som er takksam for at foreldra stilte opp og var med heile dagen. 

TAUBANE: David, Andrine og Casper på veg over elva i taubane.
TAUBANE: David, Andrine og Casper på veg over elva i taubane.
Til toppen