KOM DEG UT-DAGEN: Her frå ordførarturen på Fremsta Kjeringi 1314 meter over havet.
KOM DEG UT-DAGEN: Her frå ordførarturen på Fremsta Kjeringi 1314 meter over havet. (Bilde: Carlo Aall)

Fekk prøve seg på orientering

Barnas Turlag arrangerte orienteringsleik på Kom deg ut-dagen.

ORIENTERING: Her fekk 35 ungar prøve seg på orienteringsleik. 
ORIENTERING: Her fekk 35 ungar prøve seg på orienteringsleik.  Foto: Sindre Ramung

Leikanger: Kom deg ut-dagen er den nasjonale turdagen i Noreg. På Leikanger arrangerte Barnas Turlag orienteringsleik for dei minste.

Ansvarleg for arrangementet, Sindre Ramung, seier til Porten.no at dei har arrangement om sommaren og om hausten, og at det brukar vere 20-40 personar som deltek.

 – I år er det første gong vi prøver orienteringsleik, det var 35 ungar som møtte opp. Med foreldra var det om lag 70 på arrangementet, seier Ramung, som legg til at det var ein veldig kjekk dag.

Ordførarar på tur

I dag gjekk også ordførarane i Leikanger og Sogndal på tur til Fremste Kjeringi, som ligg 1314 meter over havet. Dei brukte litt over åtte timar på turen som byrja klokka 11:15 frå Henjadalen.

Niels Pontoppidan seier til Porten.no at det var ein særs vellukka tur, og at dei tok seg god tid til å eta god mat. 

– Turfølgjet plukka kantarell og hadde lokalskoten hjort på bordet, seier Pontoppidan, som legg til at deserten var kortreiste blåbær.

Til toppen