Aurland: 3. juli publiserte BT-Magasinet ei anmelding av Butiquehotellet 29|2 i Aurland, der dei gav bedrifta full score. Anmeldinga beskriv hotellet mellom anna som «eit spektakulært reisemål, med økologiske småskalaprodusentar på matfatet og tilbakelent luksus», noko medeigar Tone Rønning Vike er svært nøgd med.

Fekk terningkast seks i BT-Magasinet: – Det dei beskriv er akkurat det me ynskjer å vera
Tone Rønning Vike, eigar av butiquehotellet 29|2 i Aurland, er svært nøgd med merksemda dei har fått av media i år. Den har dels hjelpt til å snu ein elles vanskeleg sesong.