STYRER SKUTA: Dei gjorde ein god jobb som vikarar i fjor, men frå i år er Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen bestyrarar ved Skogadalsbøen. Foto: Privat.
STYRER SKUTA: Dei gjorde ein god jobb som vikarar i fjor, men frå i år er Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen bestyrarar ved Skogadalsbøen. Foto: Privat.

Fekk tilslag på søknaden – skal drive DNT-hytte i åra som kjem​

Trine Marie Johansen og Ole Martin Moen vann fram blant 25 søknader om å få drive Skogadalsbøen i åra som kjem.

Årdal: Det unge paret dreiv vikarierte for foreldra til Moen, Olav Kjell Moen og Marit Høgheim, i sommar. Den jobben gjorde dei tydelegvis godt.

For sjølv om dei ønskte å drive vidare, måtte dei søke DNT om å få lov til det, slik Porten.no skreiv i september. To månader seinare kom svaret. Blant 25 søknader var det dei to årdølene som fekk tilslag.

– Då reknar eg med dei synest me gjorde ein grei jobb i fjor. Ein av dei tinga me snakka om på intervju var den gode jobben som Marit og Olav Kjell har gjort, der dei har sett hytta i god stand og vore eit fantastisk vertskap. Eg og Ole Martin har jo vore med dei åra og fått den kunnskapen me også, seier Trine Marie Johansen.

DNT-hytta ligg vakkert til i Utladalen ved foten av Gjertvasstind og Fannaråken i Vest-Jotunheimen. 

Friske idear

Med unntak av fjoråret er det altså Olav Kjell Moen og Marit Høgheim som har vore bestyrarar på hytta. No skal sonen og Johansen føre arven vidare – og då gjerne med eit par friske idear.

– Eg trur det vil utgjere ein forskjell dersom me klarer å kommunisere at det er mogleg å sove meir enn éi natt der. Dei aller fleste søv berre ei natt før dei reiser. Når me snakkast me gjestene, er det mange som seier dei gjerne skulle blitt lenger dersom dei hadde visst kor fint det er berre å vera her, forklarar Johansen.

– Det er noko me kjem til å jobba med. Det er utruleg mange fine dagsturar i området til alt frå Vormeli til Fannaråken. I tillegg driv me med litt yoga og har eit lite bibliotek, fortel ho.

Til toppen