HØGASTE KARAKTER: Sofie Offerdal er den første lærlingen som tek sveineprøva ved Frisørstova i Øvre Årdal på ni år. Det enda med høgste karakter. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HØGASTE KARAKTER: Sofie Offerdal er den første lærlingen som tek sveineprøva ved Frisørstova i Øvre Årdal på ni år. Det enda med høgste karakter. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fekk toppkarakter på sveineprøva

Sofie Offerdal (20) er den første som har teke sveineprøva ved Frisørstova på ni år.

Årdal: – Eg var eigentleg ikkje nervøs. Dei to vekene før sjølve prøven følte eg nok litt på det, men då sjølve dagane kom følte eg at eg hadde kontroll på oppgåvene, seier Offerdal dagen etter at ho tok den praktiske delen av sveineprøven i frisørfaget.

Prøven går over to dagar; måndag teikna ho opp kva ho skulle gjera dagen etter. Dei fem oppgåvene Offerdal hadde var klipping av herre, klipping og farge av dame, selskapsfrisyre, makeup og ei valfri oppgåve - her valde ho å gje ein hovudbotnmassasje.

Til den praktiske delen tysdag hadde ho fått tre kundar til å stilla som modellar. Med to sensorar frå tilhøvesvis Florø og Sogndal til stades utførde ho dei fem oppgåvene. Sensorane vurderte så om dette stod godt i samsvar med teikningane frå dagen før.

Og dommen var den beste lærlingen som der og då vart ferdigutdanna kunne få; "Bestått, mykje godt". Det er høgaste karakter.

Fått fast jobb ved Frisørstova

– Eg har aldri vore i tvil om at Sofie er dyktig, men det er veldig kjekt når sjølve sveineprøven er i boks, seier innehavar av Frisørstova i Øvre Årdal, Siw Seglem.

Det er på ingen måte kvar dag det skjer; sist gong ein lærling tok lærlingtida og sveineprøven ved salongen var i 2007.

– Me har jobba målretta for dette i to år. Eg skal innrømma det var litt skremmande å skulle ha ein lærling her, men sa ja til det ettersom Sogn Opplæringskontor ville støtta opp. Og eg angrar ikkje, kan du seia.

No har Seglem også gitt den ferdigutdanna lærlingen sin fast jobb.

– Eg har gått eitt år design og handverk på Hafslo, så eitt år frisørskule i Høyanger og til slutt to år som lærling her på Frisørstova. No blir eg verande i Årdal, og det har eg eigentleg hatt lyst til, seier Offerdal sjølv.

Stolt av lærlingen sin

– Du seier at du hadde makeup og hovudbotnmassasje som to av oppgåvene under prøva; desse er jo oppgåver litt utover det ein tenkjer frisørar driv med?

– Ja, me driv med ganske mykje anna enn berre å klippa, faget har utvikla seg ein heil del i høve korleis det var for ei tid tilbake. Så ein lærer alltid noko nytt og eg vil halda fram og utvikla meg, sjølv om eg no er ferdigutdanna.

– Eg har sjølv klipt meg hjå mykje "ymse" frisørar i Oslo eg tvilar på har hatt all verdas formell kompetanse. Kva er skilnaden på desse og deg som no er utdanna frisør?

– Først og fremst tenkjer eg det er i forsikring for kundane. Og så må ein ha sveineprøva for å kunne ta lærlingar.

Innehavar Siw Seglem er godt nøgd med å ha fått ein frisør i salongen som har bestått prøven med høgaste karakter.

– Folk tenkjer at det ikkje er nokon sak å klippa hår, men det er faktisk eit ganske stort fag. Så eg er veldig stolt av Sofie.  No blir det ei litt anna type løn på henne også.

Til toppen