OVERRASKING: Banksjef Laila i Sparebanken Sogn og Fjordane overraska skyttar Jon-Hermann Hegg med ein feit sjekk.
OVERRASKING: Banksjef Laila i Sparebanken Sogn og Fjordane overraska skyttar Jon-Hermann Hegg med ein feit sjekk. (Foto: Pressefoto)

Fekk uventa handsrekking til OL-satsinga

Jon-Hermann Hegg frå Lærdal får Furorestipendet på 50 000 frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Lærdal: – Eg var ein liten helgetur heime saman med eit par andre som skulle på jakt, og blei overraska av Laila som kom med sjekken. Eg hadde ingen mistanke, og eg blei positivt overraska, seier Jon-Hermann Hegg frå Lærdal i ei pressemelding.

I fjor tok skyttaren EM-gull og verdsrekord med lagkompisane, og EM-bronse individuelt. No siktar han mot OL.

Då kjem all støtte godt med. Sjekken vart overlevert då banksjef Laila Ruud kom på overraskingsbesøk heime i Borgund førre helg.

– I ein slik idrett, som har store utgifter og lite inntekter, er eg avhengig av økonomisk støtte. Dette kjem veldig godt med vidare i satsinga. Ei litt letta kjensle, seier Hegg som for tida bur i Ullensaker kommune.

Tung satsing

I tillegg til den harde satsinga mot OL, studerer Hegg datateknologi på deltid ved OsloMet. Den førebelse treningsplanen inneheld opp mot 30 timar i veka, inkludert tre dagar med dei andre på elitelandslaget fram mot OL. 

– At Jon-Hermann tok to medaljar i senior-EM som junior seier det meste. Vi er utruleg imponert over det han har fått til, og det var veldig kjekt å overraske han heime i Borgund med denne gåva, seier banksjef Ruud.

Juryen for Furorestipendet har bestått av Stig Roger Eide, Trude Skarvatun, Torill Faleide, Terje Lyngstad og Pål Fidjestøl.

Til toppen