CRUISESTRATEGI: Dei fire vestlandsfylka skal sjå på ein felles cruisestrategi for å utnytta næringa best mogleg og på ein god og balansert måte. Illustrasjonsfoto: Wikipedia commons.
CRUISESTRATEGI: Dei fire vestlandsfylka skal sjå på ein felles cruisestrategi for å utnytta næringa best mogleg og på ein god og balansert måte. Illustrasjonsfoto: Wikipedia commons.

Felles cruisestrategi for Vestlandet

Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har på oppdrag frå Vestlandsrådet starta arbeidet med ein felles cruisestrategi.

Årdal/Lærdal: Som ein viktig del av arbeidet vil dei lytte til næringa og få fram flest mogleg innspel til strategiarbeidet. Det vert arrangert ein innspelskonferanse i vart av fylka til hausten, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Talet på cruisegjestar til Noreg har auka kraftig i løpet av det siste tiåret. Difor vil dei sjå nærare på korleis ein kan utnytte denne, samstundes som ein finn god balanse for korleis ein handterer auken.

Vedtaket i Vestlandsrådet byggjer på forstudien som blei utarbeidd i oktober i 2014. Grunnlaget for strategiarbeidet er mellom anna hovudmålet i nasjonal reiselivsstrategi om ei berekraftig reiselivsnæring, der cruise er ein viktig del.

I arbeidet med forstudien kom det inn ei rekkje høyringsinnspel som peikar ut hovudutfordringane strategiabeidet bør sjå nærare på.  

Næringa må med

– Om arbeidet med ein felles strategi for cruise skal munne ut i eit dokument reiselivsnæringane vil stille seg bak, er det avgjerande at me gjennomfører ein god prosess. Dei som ynskjer det, skal få høve til å kome med innspel, seier prosessleiar Trond Amland.

Han fortel vidare at innspelskonferansane i dei fire vestlandsfylka blir viktige. I tillegg er det avgjerande å sikre at arbeidet baserer seg på fakta og ikkje på synsing. 

– I prosessen vil vi difor også samarbeide tett med FoU-miljøa på Vestlandet, slår Amland fast.

Til toppen