SAMARBEID: Frå venstre Terje Eldegard (Bergrosa), Torstein Grøv (Bergrosa), Anders Hermundstad (Filefjell og Tyin), Aud S. Kvale (Bergrosa), Ronny Laastad (Filefjell og Tyin), Ulf Schjerpen (Jotunheimen eiendom) og Vidar Eltun (Ordførar i Vang). Foto: Kaja Nygård
SAMARBEID: Frå venstre Terje Eldegard (Bergrosa), Torstein Grøv (Bergrosa), Anders Hermundstad (Filefjell og Tyin), Aud S. Kvale (Bergrosa), Ronny Laastad (Filefjell og Tyin), Ulf Schjerpen (Jotunheimen eiendom) og Vidar Eltun (Ordførar i Vang). Foto: Kaja Nygård

Fellesgodefinansiering skal heve området på fjellet 

Måndag møttes partane for å signere ein etterlengta grunneigaravtale på Tyin-Filefjell. 

Tyinkrysset/Årdal: Det har lenge vore eit ynskje om å få til ein avtale mellom grunneigarane og utbyggarane på Tyin-Filefjell. Måndag møttes representantar frå dei ulike grunneigarane for signering av avtalen. Dei involverte er Jotunheimen Eiendom (opsjon med Opdalsstølen grunneigarlag), Filefjell og Tyin (opsjon med grunneigarar i området ovanfor Jokerbutikken) og Bergrosa som er ein samanslutning av grunneigarar.

For kvar hyttetomt og leilegheit som blir solgt skal det setjast av ein fast sum som skal gå til fellesgodefinansiering.

- Me skal setje av 30 000 pr solgte hyttetomt og 25 000 for kvar solgte leilegheit, fortel Terje Eldegard som er ein av grunneigarane.

Eldegard fortel at dette er ein avtale som også er brukt i liknande hyttefelt andre stadar i Norge, så dette er ikkje nytt. Han legg til at dei er nøgde med at dei i sin avtale har fått med seg bort imot 80 prosent, men håpar sjølvsagt at alle til slutt vil vere med i avtalen.

Artikkelen held fram under biletet. 

AVTALE: Måndag blei avtalen om fellesgodefinansieringa signert.
AVTALE: Måndag blei avtalen om fellesgodefinansieringa signert.

Heve området

Eldegard fortel vidare at dette skal vere med på å heve området på fjellet. Denne fellesgodefinansieringa kjem både hytteeigarar og innbyggjarar til gode. Ein skal nytte midlane til å  vedlikehalde turløyper og skiløyper. Stelle i stand leikeområder og ordne bruer.

- Det er også viktig at me marknadsfører oss, understrekar Eldegard.

Dei var også opptekne av at små ting, så vel som store skulle fiksast på. Området skal gjerast enda meir attraktivt for alle.

Nøgd ordførar

Ordførar Vidar Eltun i Vang Kommune var også på plass på Tyinkrysset Måndag. Han er særs nøgd med at ein slik avtale er komen på plass. Han er positiv til ei slik fellesgodefinansiering og er samd i at dette bidreg til at området vidareutviklar seg.  

Etter planen skal Vang Kommune starte bygging av nytt reinseanlegg våren 2016. Dei skal også planlegge nytt vassverk i området.

- Vang Kommune har starta ein bra prosess om å få nok vatn inn i området. Dette var eit av kriteria for å få på plass avtalen kring fellesgodefinansieringa, seier Eldegard.

Dei skal stifte selskapet etter nyttår. Når det er på plass kan dei starte arbeidet med fellesgodefinansieringa.

- Me gler oss til å ta fatt på oppgåva og trur dette er eit viktig steg i riktig retning, avsluttar Eldegard. 

Til toppen