1179: Totalt er det tildelt 1179 hjorteløyver for Årdal, Lærdal og Aurland. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
1179: Totalt er det tildelt 1179 hjorteløyver for Årdal, Lærdal og Aurland. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Fellingsløyva er tildelt

Nærare 1200 hjorteløyver og 60 elgløyver til saman for Årdal, Lærdal og Aurland. Sjekk kor mykje som er tildelt dei ulike valda.

Årdal/Lærdal/Aurland: Felles landbrukskontor for Årdal, Lærdal og Aurland har i dag lagd ut oversyn over tildelinga av hjorte- og elgløyver i dei tre kommunane. Totalt er det snakk om 1179 hjorteløyver og 59 elgløyver. Desse fordeler seg slik:

Årdal: 212 hjorteløyver, 12 elgløyver

Lærdal: 667 hjorteløyver, 27 elgløyver

Aurland: 300 hjorteløyver, 20 elgløyver

Les også: Aukar kvoten med 50 dyr

Ved å trykka på lenkjene over kan ein sjå korleis løyva er fordelte på kvart vald i respektive kommune, både for hjort og elg. Merk at det til vald med bestandsplanar berre blir tildelt frie løyver. Dette betyr at det er bestandsplanane som regulerer fordelinga av kvotane på kjønn og alder, så i praksis er ikkje dette frie dyr, slik som det kan sjå ut frå av dokumenta.  

Til toppen