FÆRRE: Det vart felt 85 færre reinar under jakta i år i høve i fjor i Nordfjella. Foto: Harald Skjerdal
FÆRRE: Det vart felt 85 færre reinar under jakta i år i høve i fjor i Nordfjella. Foto: Harald Skjerdal (Foto: Arkiv)

Felte 85 færre reinar enn i fjor

Trass god kalvetilvekst vart det stor nedgang i tal felte reinar i Nordfjella denne hausten i høve fjoråret.  

Lærdal/Aurland: – Fellingstalet etter jakta i Nordfjella villreinområde enda opp med 335 dyr, ein fellingsprosent på 37,2 av tildelt kvote på 900 dyr. Dette er noko lågare enn det som villreinutvalet hadde rekna med då kvoteforslaget vart vedteke, skriv Aurland fjellstyre i ei pressemelding.

Slik vart avskytinga fordelt mellom kommunane i Nordfjella villreinområde: 

  • Aurland: 116 felte dyr (48,9 %) 
  • Lærdal: 76 dyr (38,2 %) 
  • Hemsedal: 11 dyr (29,7 %) 
  • Ål: 43 dyr (27,4 %)
  • Hol: 82 dyr (33,5 %)
  • Ulvik: 7 dyr (16,3 %)

Prosentane her er i høve fellingsløyva slik dei er tildelte dei ulike kommunane. Av dei 325 felte reinane var 125 vaksne simler, 95 vaksne bukkar, 29 ungdyr (1 1/2-åringar) og 86 kalvar.

God vekt på kalvane

– Med det låge fellingstalet,  er det mykje som tyder på at vinterstamma i villreinområdet vil auka. Villreinutvalet si kalveteljing i juli i år synte eit kalvetal på omlag 700. Litt naturleg avgang i flokkane må ein rekna med, i tillegg til det som vert teke ut gjennom jakt, står det i pressemeldinga.

Les også: Nytt tilfelle av CWD i Nordfjella

Les også: Enno eit tilfelle av CWD i Nordfjella

Vidare vart 20 prosent av dei felte dyra skotne i andre kommunar enn der løyvet var tildelt gjennom samjaktsavtalar. Det går også fram av pressemeldinga at kalvane i snitt var eit par kilo tyngre enn i fjor, noko som vitnar om ein god beitesesong for reinen.

Når det gjeld etikken vart ingen jegerar melde for uetisk jakt i år, men det vart ved fire høve gjeve munnlege åtvaringar eller pålegg frå oppsynet. Rapporten frå oppsynet syner at ved sju høve skadeskaut jegerar dyr som same jegeren i neste omgang fekk avliva. 17 dyr som var skadde vart avliva av andre jegerar, medan oppsynet ikkje avliva nokre dyr. Eitt dyr vart funne daudt i terrenget. Totalt var dette ei betring frå jakta i fjor.

Til toppen