ULIKT: Kommunane lykkast ulikt i integreringsprogramma og forskjellane er store, viser forsking.
ULIKT: Kommunane lykkast ulikt i integreringsprogramma og forskjellane er store, viser forsking. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

– Fem integreringstiltak som fungerer

Kommunane lykkast ulikt i integreringsprogramma og forskjellane er store, viser forsking.

I år brukar regjeringa nesten 20 milliarder kroner til busetjing og integrering, og over 27.000 personar deltar i eit toårige introduksjonsprogram i kommunene.

Forsking frå Norsk institutt for by- og regionforsking ved Høgskulen i Oslo og Akershus viser derimot at resultata er for dårlige. Både forskjellen mellom ulike flyktninggrupper og mellom ulike kommunar er store, skriv forskingsmagasinet Viten + praksis.

I fjor gikk 58 prosent av flyktningene over i arbeid eller utdanning etter introduksjonsprogrammet. Det er eit dårligere resultat enn tidligere år og eit godt stykke under målet til regjeringa på 70 prosent overgang til jobb og utdanning.

I dei dårlegaste kommunane er det berre ein tredjedel av deltakarane som kjem i jobb eller utdanning, medan i dei beste kommunane kjem nesten alle seg videre ut i skule eller arbeidsliv.

– Den jobben som no vert gjort rundt om i kommunane for at flyktningane skal lære seg norsk språk og kvalifisere seg til arbeidsmarknaden, er avgjerande for korleis integreringa over tid skal lykkast, seier forskar Kristian Tronstad ved Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) til forskingsmagasinet.

Basert på forsking ved NIBR, trekkjer Tronstad fram fem integreringstiltak som faktisk fungerer.

1. Språk er nøkkelen til å komme i jobb. Norskopplæring i praksis fungerer betre enn norskopplæring på skulebenken.

2. Nettverk. Innvandrarar som har norske venner, kontakt med naboar og deltar i foreiningar, har større sjanse for å komme i jobb.

3. Spel på lag med arbeidsgivarar. Det er arbeidsgivarane som til sist tilset innvandrarar og flyktningar. Kva arbeidskraftsbehov finst i den lokale arbeidsmarknaden?

4. Tett oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogram. Flyktningar som vert møtt med forventningar og som vert følgde opp i norskopplæring og kvalifisering, lykkast betre.

5. Samarbeid. Integrering av innvandrarar handlar om utdanning, arbeid, helse, omsorg for barn. Kommunar som evnar å få til samarbeid mellom NAV, vaksenopplæring og kommunalt flyktningkontor, har betre sjanse for å lykkast.

(©NPK)

Til toppen