Fem måtte hentast ned frå fjellet – ein skadd
(Foto: Illustrasjon)

Fem måtte hentast ned frå fjellet – ein skadd

Hadde problem med å finna hytte.

Lærdal: Politiet twitra laurdag morgon at det hadde kome inn melding i 0430-tida natt til laurdag om at fem personar på skitur fekk problem i området rundt Bermålsnosi. Ein hadde skadd armen sin i eit fall. Dei skal ha vore på tur med utgangspunkt i rv. 53, Årdal – Tyin og fann ikkje fram til hytta dei skulle til.

Klokka 0730 var dei fem berga trygt ned og den skadde sendt til lege for sjekk.

Til toppen