Luster: – Det hadde vore fint med lenger sommarferie, men det er gøy å byrja på skulen att. No får eg treffa alle venene mine, seier Nora Stai Bolstad.
Det er klassekameratane samde i.
I dag var Nora tilbake på skulebenken på Skjolden Oppvekstsenter, og saman med Ole Arne Listou, Tiril Hustøl Bolstad, Linnea Langebeck, og Tor Eldgrim Svanheld har ho svara på fire viktige spørsmål om skulestart, og sommarferie.
- Les òg: Her lærer elevane i Luster datakoding på skulen.
- Les òg: Nyutdanna superforskarar på Tangen skule.
– Det er litt keisamt å vera vekka frå skulen
Korleis har sommarferien din vore?
Nora: Gøy. Eg har vore ganske mange plassar. I Sverige bada eg og såg meg rundt.
Ole Arne: Morosam. Eg har sparka mykje fotball, bada i fjorden, og ete mykje is.
Tiril: Fin. Eg har bada mykje.
Linnea: Fin. Eg har vore i Hellas og bada på stranda der. Det var varmare der enn her.
Tor Eldgrim: Heilt grei. Eg tykkjer nokre gonger det er litt keisamt å vera vekke frå skulen for eg har ikkje alltid noko å gjera på.
Mange kule ferieminner
Kva var det kulaste du gjorde i ferien?
Nora: Eg var i sommarland og tok berg- og dalbane.
Ole Arne: Det kulaste som skjedde i sommar var at ein fotball blei sparka på fjorden. Det enda dårleg. Han som sparka ballen måtte kjøpa ny til eigaren.
Tiril: Eg var på Island. Der bada eg og såg på landskapet.
Linnea: Eg har laga slim.
Tor Eldgrim: Eg var på Raumarock, og såg på DumDum Boys. Det var gøy, eg er fan.
Ser fram til eit produktivt skuleår
Kva ser du mest fram til dette skuleåret?
Nora: Eg gler meg mest til å ha mat og helse, me har ikkje hatt det før. Til våren blir det kokkekamp. Då blir me delt opp i grupper og skal laga mat til lærarane, etterpå kårar dei ein vinnar.

Ole Arne: Vera med vener, ha det gøy, og å læra mykje nytt.
Tiril: Å få læra om mange ting. Me skal ha kulturøkt der kvar klasse skal laga show. Eg likar å stå på scena.
Linnea: Eg ser fram til jul, og å leika i snøen.
Tor Eldgrim: Kanskje fysak, for eg tykkjer det er gøy med idrett.
Gode tips til ferske 1. klassingar
Kva er ditt beste tips til dei som har byrja i 1. klasse no?

Nora: Høyr etter i timane, for då kan du læra nye ting som kan hjelpa deg vidare i verda. Info du trur du ikkje har bruk for kan du trenga seinare.
Ole Arne: Dei må ha det gøy.
Tiril: Ver snille og greie med kvarandre.
Linnea: Høyr etter læraren.
Tor Eldgrim: Spør om hjelp.
Høyr etter i timane, for då kan du læra nye ting som kan hjelpa deg vidare i verda. Info du trur du ikkje har bruk for kan du trenga seinare.
Nora, 6. klasse