Gulen: I Gulen er ein person smitta etter at ein familie var på eit opphald i utlandet.
– Dei har køyrt i eigen bil heim, og har vore i karantene sidan dei kom. Me føler me har bra kontroll på dette tilfellet, seier ordførar Hallvard Oppedal til Porten.no
Oppedal seier vidare at familiemedlema er nærkontakter, og at desse vil bli testa.
Fem positive i Helse Førde
252 prøvar vart tatt i Helse Førde sitt område onsdag. Fem av dei kom tilbake positive, i følgje Helse Førde sjølv.
I Sogn er Vik, Gulen og Høyanger råka av smitta. Vik og Gulen har éin smitta, medan Høyanger har to. Kinn i Sunnfjord er den andre kommunen med smitte.
- Les alt om koronavirus her.
To positive i Høyanger
Høyanger har to nye positive. I tillegg er ein arbeidsinnvandrar som oppheld seg i kommunen smitta.
Føtetaket presiserer at kommunen for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen den testa bur i, eller er folkeregistrert.
Helse Førde omfattar ikkje tal frå andre laboratorium.
Det er framleis ingen innlagte på sjukehusa til Helse Førde grunna korona.