KAN STÅ I FARE: Om kravet til at sjukehusa som skal ha akutttilbod, også må ha døgnkontinuerleg beredskap innan både indremedisin, generell kirurgi og anestesi, vil mellom anna Lærdal sjukehus miste alle akuttfunksjonar. Det er eitt av to scenario som skal vurderast i Nasjonal helse- og sjukehusplan, som helseminister Bent Høie (H) la fram fredag. Arkivfoto
KAN STÅ I FARE: Om kravet til at sjukehusa som skal ha akutttilbod, også må ha døgnkontinuerleg beredskap innan både indremedisin, generell kirurgi og anestesi, vil mellom anna Lærdal sjukehus miste alle akuttfunksjonar. Det er eitt av to scenario som skal vurderast i Nasjonal helse- og sjukehusplan, som helseminister Bent Høie (H) la fram fredag. Arkivfoto

Fem sjukehus kan miste akuttfunksjonar

Sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord og Flekkefjord kan miste akuttkirurgisk beredskap. Det går fram av den nasjonale helse- og sjukehusplanen til regjeringa.

Helseminister Bent Høie (H) la fredag fram Nasjonal helse- og sjukehusplan.

Eitt av dei mest sentrale punkta i planen er oppgåvefordelinga mellom sjukehusa rundt om i landet.

Helseministeren påpeiker at pasientar skal bli møtt av den same kvaliteten uansett kvar i landet ein oppheld seg, og viser til at det innanfor kirurgi er stadig større grad av spesialisering.

To scenario

I planen er det laga to ulike scenario for korleis organiseringa ved dei minste sjukehusa kan bli.

I det eine scenarioet vert det foreslått at sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord og Flekkefjord består som akuttsjukehus, med akuttfunksjonar innan indremedisin, men ikkje innan generell kirurgi.

Helseministeren understrekar at dette ikkje er ein konklusjon, men eit scenario som skal vurderast. Spørsmål som dreier seg om blant anna transport, geografisk tilgjengelegheit og liknande, må svarast på for kvart enkelt sjukehus før det vert teke avgjerder.

I eit anna scenario som vert lagt fram i planen, ser ein for seg at dei sjukehusa som skal ha akuttilbod, også må ha døgnkontinuerleg beredskap innan både indremedisin, generell kirurgi og anestesi. Dersom dette kravet vert innført, vil sjukehusa i Narvik, Lofoten, Volda, Stord, Odda, Flekkefjord, Lærdal, Nordfjord, Kongsberg og Elverum måtte legge ned akuttfunksjonen i indremedisin og dermed miste alle akuttfunksjonar.

– Sikre beredskap

– Det vil vere eit stort tap i desse områda, seier helseministeren.

Bent Høie understrekar derimot at dei mindre sjukehusa har og skal ha ein viktig funksjon også i framtida.

– Norge skal ha ein desentralisert sjukehusstruktur. Dei mindre sjukehusa våre er ein del av den løysinga. Vi er nøydde til å ha ei ryggrad av sjukehus som sikrar beredskap og gir akutt hjelp. I eit land som Norge kan vi ikkje sjå bort frå busetjing, tilgjengelegheit og transportløysingar, seier helseminister Bent Høie.

Han meiner derimot at dei små sjukehusa ikkje må konkurrere om å vere kopiar av dei store.

(©NPK)

Til toppen