NÆRT: Kristine Brix Longfellow synes smitta brått kom særs nærme. No er fem smitta i Høyanger.
NÆRT: Kristine Brix Longfellow synes smitta brått kom særs nærme. No er fem smitta i Høyanger. (Bilde: Helse Førde)

Fem smitta av koronavirus i Høyanger. Samtlege er tilsette i Havyard

Er på veg til koronahotell i Bergen.

Høyanger: Det er registrert fire nye koronasmitta i Høyanger. Samtlege er utanlandske arbeidarar som er knytt til vertfet Havyard. 

Verftet har eit pågåande utbrot med 56 smitta. 

Det var avisa Firda som først omtalte saka. 

Dei fire er no på veg til koronahotellet i Bergen, skriv Firda. I tillegg er ein nærkonakt satt i karantene. 

Det er i alt fjorten personar i karantene i Høyanger, skriv Firda. Sju er nærkontaktar, i tillegg kjem sju personar som er sett i karantene fordi ein er usikre på om dei er nærkontaktar eller ikkje. 

– Vi følger situasjonen tett. Dette vart plutseleg svært nær på. No håpar eg alle er forsiktige, og tek smitteverntiltaka på alvor, særleg dette med sosiale samkomstar, seier kommuneoverlege Kristine Brix Longfellow til Firda. 

Til toppen