KURS: Fem sogndalsspelarar og medisinsk leiar i Sogndal fotball, Ynge Myhre, tok jegerprøven i sommar. Her er nokre av dei ute på praktisk opplæring. Privat foto
KURS: Fem sogndalsspelarar og medisinsk leiar i Sogndal fotball, Ynge Myhre, tok jegerprøven i sommar. Her er nokre av dei ute på praktisk opplæring. Privat foto

Fem sogndalsspelarar vart jegerar

Torsdag 1.september startar hjortejakta. Ei handfull sogndalsspelarar tok jegerprøven og kan byta ut ball med børse når fotballsesongen er over. 

Sogndal: – Me byrja å snakka om at det hadde vore gøy å teke jegerprøven. Fleire hadde tenkt på det, så då vart me plutseleg ei gruppe. Eg sjekka opp i moglege tilbod i nærleiken, seier sogndalsspelar Bjørn Inge Utvik.

Og tilbod var det - Sjur Dale, som arrangerer jegerprøven i Sogndal Jeger og sportsfiskarlag - stilte med eit skreddarsydd opplegg for sogndalsspelarane. Også medisinsk leiar i Sogndal fotball Yngve Myhre, samt eit par andre, tok kurset. 

– Det er jo perfekte jaktmoglegheiter når ein held til i Sogndal - ein bur i eit jaktområde og har høve til å jakta samstundes som ein driv med fotball. Bur ein i eit område langt vekke frå jaktterreng kostar det fort litt meir energi, seier Utvik.

– Flinke elevar

Han var "primus motor" frå spelarane si side. Dei andre sogndalsspelarane som heiv seg med på kurset var Eirik Birkelund, Lars Christian Kjemhus, Ruben Holsæther og Victor Grodås.

STÅANDE: Bjørn Inge Utvik prøver seg på ståande rifleskyting under jegeropplæringa. Privat foto.
STÅANDE: Bjørn Inge Utvik prøver seg på ståande rifleskyting under jegeropplæringa. Privat foto.

Sjur Dale i Sogndal Jeger og sportsfiskarlag heldt eit intensivkurs tilpassa treningsøktene så spelarane fekk gjennomført det heile på to veker og kunne såleis vera klare til jaktsesongen starta. Han fortel om flinke elevar:

– Dei var veldig fine folk og gjorde det svært godt. Alle bestod og snittet på eksamen var 46,25 poeng. Jegerprøven består av femti spørsmål derav ein må ha minst førti rette. Dette er det høgaste snittet eg nokon gong har hatt.

I år har Dale kursa 53 gjennom jegerprøven. Såleis er Sogndal kommunen med flest nye jegerar i fylket.

– Dei fleste er unge, mange av dei studentar og ein svært god andel jenter, fortel Dale.

Hovudsakleg hjortejakt

Utvik skryt av læremeisteren:

– Alle bestod, ja - eg veit ikkje om det først og fremst var flinke elevar eller flink kursleiar.

– Kvar skal de jakta i haust? 

– Det blir vel litt forskjellig, familien min har ein gard i Telemark med jaktterreng. Ruben (Holsæther, red.anm.) har gard i Førde, så kanskje me spelarane får til noko felles jakt der. Det er vel først og fremst hjortejakt dei fleste tenkjer, og kanskje hovudsakleg frå november av, når fotballsesongen er over.

Utvik har jakta med onkelen sin tidlegare, og noko jaktutstyr er også på plass for somme av spelarane.

– Ruben veit eg akkurat fekk tak i ei rifle, eg eg har ei hagle etter farfaren min med tanke på småviltjakt. Elles blir det vel hovudsakleg låneavtalar for dei fleste i første omgang, til ein ser om ein blir bitt av "basillen". Full utstyrspakke er ganske dyrt, ein må fort opp i 15 - 20 000 kroner skal ein kjøpa alt sjølv.

Til toppen