FEM SØKARAR: Fem personar har søkt om å bli kommunalsjef på helse og omsorg i Lærdal kommune. Foto: Arkiv.
FEM SØKARAR: Fem personar har søkt om å bli kommunalsjef på helse og omsorg i Lærdal kommune. Foto: Arkiv.

Fem vil bli kommunalsjef på helse

Måndag skal administrasjonsutvalet tilsetja ny kommunalsjef.

Lærdal: Fem personar har søkt på stillinga som kommunalsjef på helse og omsorg i Lærdal kommune. 

Tre av desse er menn. Dei to siste kjenner ein ikkje identiteten til sidan desse har bedt om at namna ikkje skal offentleggjerast. 

Dei tre namna som er offentlege derimot er Leif Morten Larsen (49) frå Oslo, som i dag har yrkestittelen helse- og omsorgsleiar. Mads Rekve (57) frå Lærdal og Tommy-Rene Stordal (30) frå Strandebarm, som i dag er rektor. 

Måndag ettermiddag skal administrasjonsutvalet i Lærdal møtast for å tilsetja ein person i stillinga, som har vore utlyst sidan 24. november 2015. 

Til toppen