MEDGANG: Årdølen Henrik Furebotn seglar i medgang i eliteserien med laget Bodø/Glimt. Arkivfoto: Bodø/Glimt
MEDGANG: Årdølen Henrik Furebotn seglar i medgang i eliteserien med laget Bodø/Glimt. Arkivfoto: Bodø/Glimt

Femte siger på rad for Bodø/Glimt og Furebotn

22 år har gått sidan Bodø/Glimt klinte til med fem sigrar på rad i eliteserien. For årdølen Henrik Furebotn (29) er dette ei heilt ny, men veldig kjekk oppleving.

Bodø/Glimt vann fortent 1-0 mot Aalesund på Aspmyra søndag.

Trenar for Bodø/Glimt, Jan Halvor Halvorsen, var godt nøgd med kampen og innsatsen til spelerane. Etter motgangen tidlegare i sesongen, seier trenaren til NRK Nordland, at han var overtydd om at motgangen før eller sidan ville snu.

Første gong for årdølen

– Fem strake sigrar, korleis er det å vera med på denne bølga?

– Det er veldig kjekt og noko eg aldri har vore i nærleiken av å vera med på før, seier Furebotn til Porten.no.

Han forklarar at laget no har luka bort ein del feil og tullemål, noko som har gjort at dei har greidd å snu rekka med tap frå tidlegare i sesongen. Mellom anna har laget blir meir kyniske i forsvar og dei er meir sikre på å scora mål framover i kvar kamp. Det betyr at dei er nødd å vinne kampar, fortel Furebotn, som akkurat har teke firedagars sommarferie og nyt den på hyttetur i lag med vener. 

22 år sidan sist

Laget frå nord har dermed slått Vålerenga, Rosenborg, Mjøndalen, regjerande seriemeister Molde og no søndag Aalesund, som vart den femte sigeren på rad i eliteserien. Det er heile 22 år sidan sist Bodø/Glimt vann like mange kampar på rad, skriv NRK Nordland

Neste kamp for Bodø/Glimt er om to veker på heimebane mot Start. ​Dei ligg under Bodø/Glimt på tabellen og Furebotn har god tru på at det går vegen for laget frå nord. 

Bodø/Glimt ligg no som nummer åtte i Tippeligaen, med 23 poeng etter 18 kampar denne sesongen. Laget signerte Furebotn i januar i år. 

Les også: Furebotn klar for Glimt

Til toppen