KØYRTE FOR FORT: Femten førarar vart stoppa med for høg fart i ettermiddag.
KØYRTE FOR FORT: Femten førarar vart stoppa med for høg fart i ettermiddag. (Foto: Arkiv)

Femten fartsbøter på ein ettermiddag

Fleire var torsdag litt for harde på gasspedalen i Lærdal.

Lærdal: Tretten førarar fekk bøter etter å ha køyrt for fort i 80-sona i Lærdalsdalen torsdag ettermiddag. Høgste fart vart målt til 107 km/t, noko som gav 8500 kroner i bot.

I 80-sona mellom Fodnes og Årdalstangen vart det same ettermiddag skrive ut to fartsbøter. Den eine føraren vart målt til 99 km/t, den andre til 105 km/t.

Til toppen