TI I SKUDDET: Det er femti år sidan Ti i skuddet vitja Sogndal med radioprogrammet Ti i skuddet.
TI I SKUDDET: Det er femti år sidan Ti i skuddet vitja Sogndal med radioprogrammet Ti i skuddet. (Foto: Michael Skorbakk)

Femti år sidan Ti i skuddet vitja Sogndal – feirer med jubileumssending

Programmet går framleis på radio, og programleiaren er heile åtti år.

Sogndal: Året var 1970 og ungdommar i Sogndal og Stjørdal samla seg for å stemma på sine favorittsangar i det populære radioprogrammet, Ti i skuddet. Femti år seinare gir Vidar Lønn-Arnesen eit gjenhøyr med dei same klassiske sangane.

1966: Dette bilder er teke i Oslo i 1966. Programleiar, Vidar Lønn Arnesen, i studio i NRK. Foto: Timmie Skotaam / Aktuell / NTB Scanpix

– Ungdomane sat der og var veldig forventningsfulle. Mange av artistane me spelte for dei var heilt i starten av karriera si, og Ti i skuddet var det einaste programmet i Norge kor ein fekk høyre desse platene, seier Lønn-Arnesen i ei pressemelding.

Land og strand reiste dei rundt for å laga program i fleire år. Vidar Lønn-Arnesen & Co. fylte samfunnshus, gymsalar og aular med unge jenter og gutar som lengta etter ny og spanande popmusikk. Ein dag i 1970 var det Sogndal sin tur til å skape radiohistorie.

Lange køar for å vera med

Konseptet var enkelt. To ungdomsjuryar på to forskjellige stadar i landet stemte på sine favorittplater. Dei mest populære poplåtane, både norske og utanlandske, blei på denne måten rangert i det som ble kalla Norges einaste smaksbarometer.

Vidar Lønn-Arnesen, som i 1970 var ein ung mann på 30 år, minnast at Ti i skuddet blei godt teke i mot, kor enn dei reiste.

– Køane for å vera med og stemma med mentometerknappane var lange. Om ein var ung på 70-tallet og interessert i popmusikk, då var Ti i skuddet noko ein måtte få med seg om ein ville høyra siste nytt, fortel han.

Feirer 80 år

Radioveteranen har nyleg runda 80 år og sender framleis Ti i skuddet på riksdekkande radio. No under namnet Tid – i skuddet på Radio Vinyl. Det hadde han aldri sett føre seg i ungdomen sin.

– Nei, det drømte eg aldri om. Me hadde det så moro og var berre opptekne med det me holdt på med. Ein tenkjer jo ikkje at det kjem ei tid etter dette når ein er så ung, seier Lønn-Arnesen.

I sommaren si sjuande sending av Tid – i skuddet skal Vidar spele resultatlista frå 1970, og me må skru tida heilt attenede til april det året. Det er altså 50 år sidan unge musikkglade møtte opp for å stemma over korleis artistar dei meinte fortjente ein plass på toppen av Ti i Skuddet.

JUBILEUM: Same år som programleiar, Vidar Lønn-Arnesen , blir åtti år, er det femti år sidan han vitja Sogndal. Foto: Michael Skorbakk

Dei som møtte opp ga sine poeng ved å trykka på ein mentometerkapp, og mentometeret viste i prosent kor mange som trykka kvar gong. Musikken som falt best i smak i Sogndal og Stjørdal denne dagen kom frå The Beatles, som endte på førsteplass med 164 poeng. På topp 10-lista fekk dei selskap av andre kjente navn som Kenny Rogers og The Foundations.

Vidar Lønn-Arnesen håpar at Tid – i skuddet kan friske opp dei beste minnene for alle som var unge på 70-tallet, og skapa den same begeistringa hjå dagens lyttarar.

Resultatlista frå Sogndal og Stjørdal i 1970:

  1. Let It Be - The Beatles, 164 poeng
  2. Take Off Your Clothes - Peter Sarstedt, 162 poeng
  3. Venus - Shocking Blue, 151 poeng
  4. Something´s Burning - Kenny Rogers and the First Edition, 128 poeng
  5. Good Morning Freedom - Blue Mink, 121 poeng
  6. Hitchin´ A Ride - Vanity Fare, 120 poeng
  7. I´m Gonna Be A Rich Man - The Foundations, 118 poeng
  8. The Same Old Feeling - Pickettywitvh, 117 poeng
  9. Love Grows - Edison Lighthouse, 116 poeng
  10. Face Without A Soul - Status Quo, 108 poeng

Jubileumssendinga kan du høyra på Radio Vinyl fredag 7. august klokka 17.00, samt søndag 9. august klokka 19.00.

Til toppen